Tilbake til alle arrangement

Joleturneen «Frå høge himmel» – tradisjonelle jolesalmar frå Rogaland

laurdag, 11.12.2021

Åshild Vetrhus (folkesong), Morten Barrikmo (klarinettar) og Andreas Ulvo (piano, synth) kjem til Ulvik med eit repertoar frå joleplata «Frå høge himmel» som kom ut i fjor. Dei inviterer til konsert kor ein får høyra tradisjonelle jolesalmar frå Rogaland med lokale melodiar. Alle salmane er henta frå samlinga til Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet, og står i sterk kontrast til nisseskjegg og glitter som pregar mykje av jola vår i dag. I desse tekstane er det mykje angst og mørke, og bodskapen i salmane er; ver tilfreds med lite. Ein bodskap som kanskje er meir relevant i år enn på lenge. Til tross for dette; du verda for nokre flotte og finurlige melodiar dette kalde tekstuniverset har fått. Noko av melodimaterialet kjenner me igjen og er blitt slagarar i kyrkja.

Salmane har overlevd på ulikt vis frå generasjon til generasjon. Griseslaktarar, autodidakte kirurgar, jegerar, ordførarar, liksongarar og bønder frå Rogaland, alle borte nå, har vore med på å vidareføra songen som ga løfter og håp. Håp om betre tider på den andre sida. No er det Vetrhus, Barrikmo og Ulvo sin tur til å føra salmane vidare og gi oss håp om betre tider.

  • Type: Konsert
  • Tid: 11.12.2021 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Ulvik kyrkje

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk