Back to all Events

Hjartebank: Miljeteig og Mjør

fredag, 28.02.2020

Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget frå lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre månader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho låg på isolat då Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til å delta i valkampen. Dei neste åra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre år å stable seg på beina og gjere comeback i bystyret i Bergen.

Nyleg kom BT-journalist Kjersti Mjør sin biografi «Hjartebank», om henne ut. I samtalen på Hauge-senteret vil Miljeteig og Kjersti Mjør samtala om livet hennar, om sjukdomen og om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn.

Arrangementet er gratis og ope for alle

Foto: Gidske Stark

  • Type:
  • Tid: 28.02.2020 - 13:00 - 14:00
  • Stad:Olav H. Hauge-senteret