Tilbake til alle arrangement

Dypt i forledelsen

torsdag, 29.10.2020
Jens Bjørneboe@Gyldendal

Den 9. oktober er det 100 år sidan Jens Bjørneboe vart født. Forfattar, diktar, dramatikar, samfunnsdebattant og rabulist. Gjennom sitt sterke engasjement for dei svake og utsette i samfunnet og opprør mot det autoritære, blei han gjennom fleire tiår ungdommens forfattar.

Bjørneboe byrja sitt litterære virke som lyrikar, og debuterte med boka Dikt i 1951. Seinare gav han ut fleire diktsamlingar på 50- og 60-talet. Desse dikta er bakgrunnen for Marcus Paus sine tonesetjingar Dypt i forledelsen, som no kjem på plate og i konsert.

Marcus Paus er ein av dei mest framførte norske komponistar i sin generasjon. Han har skrive for kor, orkester og opera, og er mykje brukt innanfor film, teater og fjernsyn. Med seg har han Julie Kleive på vokal og Joachim Kwetzinsky på piano. Dørene opnar kl 19.30. Konsertstart kl 20.00

Foto Jens Bjørneboe @ Gyldendal Forlag

 

  • Organizer Name: Olav H. Hauge-senteret
  • Phone: 56527070
  • Email: post@haugesenteret.no
  • Website: www.haugesenteret.no
  • Type: Konsert
  • Tid: 29.10.2020 - 20:00 - 21:00
  • Stad:Elvatun, Ulvik

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk