Erlend O. Nødtvedt
Foto: Elias Dahlen

Slekter

When:
Where:
Syse gard
VaksenStudent
150100
Buy tickets

Erlend Nødtvedt er den første vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet, og no er han ute med ny bok der han granskar si eiga slekt i diktform.

Frå slektstreet vrimlar forfedre og formødre. I diktsamlinga vert aner og arvestoff forfulgt i kyrkjebøker, ættetavler, gravminner og skifteprotokollar, men også gjennom arkeologiske funn og moderne DNA-forsking. I ei søken etter røter og opphav, er det ikkje berre samanhengar som vert avdekka, fortidas sjølvmotseiande og kaotiske natur avslører seg også.

Gjennom sine tre tidlegare diktutgjevingar Harudes, Bergenske beskrivelser og Trollsuite har Erlend Nødtvedt skapt eit særeige og iøyrefallande univers. Språket bevegar seg høgt og lågt i ei grenselaus blanding av gamle språkformer, moderne daglegspråk, nyord, lydord og fragment frå andre diktarar. Slik får poeten fram ei slags all-tid i sine dikt, der fortida framleis er levande i notida, og folkevisa og avantgard-lyrikk får klinge saman.

Erlend Nødtvedt vil lese frå den rykande ferske Slekter, og vi gleder oss!