1910988_10201726189388629_3543843966000561715_o.jpg

Sildesølv

Når:
Vaksen
320
Kjøp billettar

Trompetist Kåre Nymark tek med bandet sitt, vokalgruppa Halv 8 og tekstane til Hilde Myklebust til Aasen-tunet 26. oktober. Nymark har laga verket «Sildesølv» med vare, vakre og ville stemningar. Arrangør: Halv8

I 2016 vart eit utval dikt av nynorskpoeten Hilde Myklebust frå Syvde i Vanylven, tonesett og arrangert av jazzmusikaren Kåre Nymark jr. frå Langevåg. Resultatet blei verket «Sildesølv», laga for vokalgruppe og band. Mot slutten av oktober vert det originalskrive verket «framført tre stader på Sunnmøre. Det er i Parken kulturhus i Ålesund, Ivar Aasen-tunet i Ørsta, og i Slagnes kyrkje i Vanylven.

Verket «Sildesølv» vart framført for første gong i 2016. Tilbakemeldingane var svært gode frå publikum, og etter sterke ønskje frå fleire hald legg Nymark og Vokalgruppa Halv 8 no ut på ny turne slik at fleire kan få oppleve konserten.

Verket er med nynorsktekstar som hentar stemningar frå den barske naturen vår, den karrige kysten og kvardagsstrevet på godt og vondt, medan musikken har røter frå sydstatane i USA og tradisjonell blues og jazz. Kontrastane blir difor store i konserten, frå det mjuke og vare til det meir svingande med ein leikande driv.

Kåre Nymark jr

kaare_nymark-2-13.jpeg
Kåre Nymark jr er utøvande musikar og trompetist, og spelar i dag med bl.a. Brazz Brothers. Han er også kjend frå sine mange år i Ytre Suløens Jazzensemble. Kåre er også ein framifrå komponist. Det understrekar han med kraft i dette verket.

Med seg i bandet har han:
Kenneth Ekornes- Perkusjon
Anders Aarum: Tangenter
Jens Fossum- Bass

Vokalgruppa Halv8

Vokalgruppa Halv8 har base i Ålesund. Dei 9 songarane bur i Ålesund, Sykkylven, Sula, Stranda og Volda. Alle 9 har lang erfaring frå ei rekkje ensembler. Vi kan nevne SKRUK, Ålesund Kammerkor, Det Norske Kammerkor og Oslo Domkor. I tillegg har fleire av songarane hatt koristoppdrag for mellom andre; Jan Eggum, Bjørn Eidsvåg, Carola, Morten Harket og Kari Bremnes. Vokalgruppa har ei rekkje ulike songoppdrag gjennom året med opptredenar både i kyrkjer og konserthus.

 

Hilde Myklebust

Hilde-Myklebust_grande.jpg
Hilde Myklebust er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande.

Det er ikkje kvardagskost å få oppleve jazz på nynorsk på denne måten. Vi vonar at folk tenkjer at dette er noko dei vil oppleve. Å få kjenne på det ramsalte og det vakre frå vår eigen kultur, tonesett i eit samarbeid med kulturberarar frå vår samtid og frå vår eigen region.

 

(tekst frå arrangør Halv8)