Grete Skarpeid
Foto: Hans Jørgen Brun

No syng det atter

Når:
VaksenHonnør
200fri
Kjøp billettar

Vi markerer årsdagen til Olav H. Hauge 18. august med nyskriven musikk til utvalde Hauge-dikt.

I landskapet mellom folkemusikk, visesong, og jazz har komponistane Grete Skarpeid, Jo Asgeir Lie og Olav André Steinkopf tonesett dikt av Ruth Lillegraven, Signe Seim, Magne Myhra og Olav H. Hauge.

Grete Skarpeid (vokal) har fått med seg Olav Andre Steinkopf (piano) og Olav Tveitane (kontrabass) i sin nye trio til konsertframføringa "No syng det atter" i den vakre Ulvik-kyrkja.

Arrangementet er i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad.