Hovland&Tønes
Foto: Herborg Pedersen, Trond Ueland

Hovland og Tønes reddar kvelden

Når:
Kvar:
Syse gard
VaksenStudent
250150
Kjøp billettar

Forfattar Ragnar Hovland og musikar Frank «Tønes» Tønnesen møtest til prat og poesi, song og spel.

Forfattar Ragnar Hovland og musikar Frank «Tønes» Tønnesen er begge vestlendingar som skriv treffande om det kvardagslege. Hovland kan seiast å vere ein kultfigur i norsk litteratur og er mannen som gav eit nytt språk til vestlandslitteraturen. Låtskrivar Tønes er no også romanforfattar. I song og bok gjev han liv til løgne karakterar og kleine situasjonar. Denne kvelden «reddar» dei oss alle, ved å syne oss at det er i det kvardagslege og det trivielle at det fantastiske kan skje, – og skjer – om vi berre ser det. Slik dei to gjer.

I samarbeid med Rom for ord, programmet er utvikla med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt Ord.