Gro Dahle
Foto: Maja Hattvang

Forfattarmøte med Gro Dahle

Når:
Kvar:
Ulvik folkebibliotek
Vaksen
200
Kjøp billettar

«Det er som om språket tar fyr mellom Gro Dahles hender», har det vore sagt om diktaren Gro Dahle.

Ei sprudlande livs- og skrivelyst pregar forfattarskapen, der mange av tekstane også har ein mørkare undertone. Diktsamlinga «Søster» frå 2016 er ei sterk forteljing om søstrer. Dahle voks opp som einebarn, men seier at ho alltid har vore nysgjerrig på kva det er med søstrer. Vi har lenge hatt lyst å invitere henne til Ulvik, og endeleg klaffa det! Gro Dahle les og samtalar med formidlar Guro Ljone.

Gro Dahle er også ein ettertrakta lærar i kreativ skriving, og i Ulvik held ho skrivekurs for vaksne. Meir informasjon kjem.