Skald
Foto: Skald forlag

Fastelavsnfest med karneval

When:
Where:
Hauge-senteret
Familie
Fri inngang

Familiedag på Hauge-senteret med fastelavnsfest, karneval, musikk og lesestund.

Det er fastelavnssundag og vi feirar med karneval! Kle deg ut i gamle klede eller i lånte fjør, som flaggermus eller harepus, og kom til fest og moro på Hauge-senteret. Alle som kler seg ut får premie.

Vi fortel monster-forteljingar og tøysevers,og lagar karnevalsparade gjennom museet med musikk og dans. Ta med instrument dei som har!

Store og små får lage sin eigen fastelavnsris, og vi avsluttar festen med langbord og fastelavnsbollar.