Teskjekjerringas jul
Foto: Jonas Duus

Familedag: Teskjekjerringas jul

Når:
Kvar:
Hauge-senteret
VaksenFamilieBarn
5015030
Kjøp billettar

Hauge-senteret har igjen gleda av å invitere til ein familiedag med god og lun førjulsstemning. I år får vi besøk av sjølvaste teskjekjerringa!

«Det var ei gang ei kjerring som la seg og sovna om kvelden, slik som kjerringer pleier å gjøre. Og dagen etter vakna hu, slik som kjerringer pleier å gjøre, men da var kjerringa blitt så liten som ei teskje, og det pleier ingen kjerringer å bli.»

Alf Prøysen

Det er så mykje som skal bli ferdig til jul, og teskjekjerringa har det frykteleg travelt. Men det er ikkje så lett å få alt gjort når ho plutseleg blir så lita som ei teskei. Denne koselege juleframsyninga av og med Adele Lærum Duus byggjer på Alf Prøysens forteljingar, og høver for born frå 3 år.

Etter teaterframsyning vert det juleverkstad og Den grøne kafé serverer julegraut.