Bok og bakverk
Foto: Jorid Lekve Eide

Bok og bakverk

Når:
Kvar:
Bakeriet på Syse
Vaksen
Fri

Bok og bakverk er fast programpost i Ivar Aasen-tunet, og når bibliotekaren i tunet vitjar Ulvik synest vi det er stas å invitere til bok og bakverk i bygdas eige bakeri.

Siri Beate Gjerde vil fortelje om dei første kvinnelege nynorskforfattarane og kven som kom etter. Ho syner fram både årgangslitteratur og ferskare saker - frå Hulda Garborg til Marit Eikemo. Baksten står Kàdn og Alde for, og den kan vi garantere er rykande fersk!