Kva skjer på Hauge-senteret

  • Lytt til lyrikken 2

    Lytt til lyrikken

    Frida Ånnevik og Anna Kleiva møtest til ein samtale om å skrive, og å leve med, dikt og song. Og publikum vil sjølvsagt få høve til å lytte til lyrikken!

    Syse gard, Kjøp billettar
  • Tore Brunborg

    No soli bakom blåe fjell

    I 2019 er det 150 år sidan Elias Blix gav ut heftet Nokre Salmar, gamle og nye. Dette feirar vi med ei moderne tolking levert av musikarar frå øverste hylle, og det er saksofonist Tore Brunborg som står i spissen av prosjektet.

    Ulvik kyrkje, Kjøp billettar
  • Foto: Odd E. Nerbø

    Lyrikkseminar "Poesi og filosofi: Kva kan vi lære av diktet?"

    Lyrikkseminaret "Poesi og filosofi: Kva kan vi lære av diktet?" vil konsentrere seg om korleis tenkemåtar og filosofiar trer fram i lyriske former og tek del i ulike diktunivers. Med spørsmålet «kva kan vi lære av diktet» vil vi forsøke å få tenkinga i diktet til å vise seg. At det finst samband mellom poesi og filosofi kan ein sjå ved å stille spørsmål til diktet om korleis verda er, kva menneskeleg erkjenning er, og ikkje minst er diktet ofte medium for moralske synspunkt og diskusjonar. Lyrikk kan med andre ord gå inn i problemstillingar som lesarar kan lære av og reflektere rundt. Det tyder også at filosofiske perspektiv kan opne opp dikt for lesarar. På seminaret vil 15 lyrikk-lesarar med bakgrunnar frå forsking, litteraturkritikk, pedagogikk, psykologi og andre yrkes- og fagfelt innleie om tema.

    - Kjøp billettar
  • Erlend O. Nødtvedt

    Slekter

    Erlend Nødtvedt er den første vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet, og no er han ute med ny bok der han granskar si eiga slekt i diktform.

    Syse gard, Kjøp billettar
  • Marit Eikemo

    Hardanger

    Marit Eikemo kan kunsten å skrive både smart og underhaldande, og ikkje minst treffande om det samfunnet og den tida vi lever i.

    Fjordsalongen, Brakanes hotell, Kjøp billettar
  • Teskjekjerringas jul

    Familedag: Teskjekjerringas jul

    Hauge-senteret har igjen gleda av å invitere til ein familiedag med god og lun førjulsstemning. I år får vi besøk av sjølvaste teskjekjerringa!

    Hauge-senteret, Kjøp billettar