Fuglar i lyrikken

Utstillingsopning: Fuglar i lyrikken

When:
Where:
Hauge-senteret
Vaksen
Fri inngang

Utstillinga om fuglar i lyrikk gir nokre smakebitar på den rikhaldige diktinga som - av ulike grunnar - kler seg i fjørdrakt, syng og flyg. Utstillinga tek utgangspunkt i det nordiske når det gjeld dikt og fuglar, og vengespennvidda er stor. Her finst dikt for barn, songlyrikk, dikt om fantasi, og dikt som handlar om at menneskja si forureining øydelegg livsvilkåra for fuglar.

Ein kan kanskje ha med seg nokre ord frå Olav H. Hauge som seier noko om visse fellestrekk mellom dikt og fuglar, nemleg at det er ein "merkjeleg klang og musikk i dei"!

Kunstnarleg innslag ved Annlaug Børsheim