Verad poesidag

Verdas poesidag

Når:
Kvar:
Hauge-senteret
VaksenStudent
200100
Kjøp billettar

Hauge-senteret feirar Verdas poesidag med lyrikk og musikk.

På verdas poesidag spør vi: kvifor skal vi lese poesi? Ingrid Nielsen og Sindre Ekrheim skriv begge dikt, og dei formidlar poesi gjennom undervising, forsking og bokmeldingar. Dei to møtest til ein samtale om poesi, der dei òg les dikt.

Elektronika-artisten Gisle Martens Meyer, også kjend som Ugress, presenterer sitt nyaste lydverk mellom bøkene til Olav H. Hauge. I boksymfonien Atrophy in the Key of Dreaming Books møter publikum lyden av kunnskap – frå bøker, papir, ord og bokstavar. Lydopptak av Hauge som les er også fletta inn i denne spesialskrivne utgåva av verket.