Jenny Arnesen

(Biografi, 1916)

("Strilagjenta")

Av Anton Aure

Jenny Arnesen
Alle dei som hev fylgt noko med i dei nynorske ungdomsbladi, og daa serskilt i "Unglyden" som kjem ut paa Voss, dei kjenner namnet Strilagjenta. For ho hev vore millom deim som hev skrive mest der i dei siste tjuge aari.

Det var visst Jon Auklend som eingong skreiv at Strilagjenta hev vore skriftemor og raadgjevar for ei heil mengd av ungdom landet rundt, og det er mykje rett i det. Visst er det iminsto at ho hev havt ovleg stor innverknad paa den frilynde og norsklynde ungdomen; for ho hev havt ei merkeleg evna til aa skriva slik at ungdomen laut lesa det.

Klaart og greidt legg ho sine tankar fram, og alltid er det ein varm understraum som ber bod fraa eit grunn-godt menneskje med eit stort og reint hjarta. Hugheilt gjeng ho i striden for alt det som hev fenge hennar elsk og tru - alt det som gjer livet rikt og vænt.

Kristendomen er grunndraget i hennar liv og arbeid; men det er ikkje ein myrk og pietistiskt kristendom som vender seg burt fraa verdi. Ho hev ope auga for alt det som er stort og fagert i menneskjelivet. Og ho stend trutt i striden for dei gode saker som er uppe i tidi.

Hjartesakerne hennar er maalsaki, avhaldssaki og arbeidet for ungdomen. For desse sakerne er det ho hev stride mest gjenom alle dei aari ho hev brukt pennen.

Dei spelstykki ho i dei siste aari hev gjeve ut er au tenarar i arbeidet for hennar hugmaal. Dei hev ogso vorte mykje spela i ungdomslagi, og det torer henda ho naar likso langt med deim som med bladstykki sine. Difor lyt Strilagjenta ha eit rom millom norsk-skrivande kvinnor, endaa bøkerne hennar korkje er, eller gjer krav paa aa vera, det ein kallar diktarverk.

Jenny Magdalene Arnesen er fødd 8. august 1862 paa garden Lepsøy i Os ved Bergen. Faren Arnt Olai Arnesen var av gamall bondeætt, men fødd i Bergen, og mori Drude Kruger var av ei gamall vidgreint presteætt.

Jenny voks upp i ein sollaus og lukkelaus heim, og ho hadde mest ingen leikesystkin. Difor tok ho tidleg til aa tenkja og gruvla. Tidleg tok ho au til aa lesa, og las alt ho kom yver. Forunderleg tidleg vakna tanken um aa skriva bøker. Alt i niaarsaldren skreiv ho ei liti forteljing um ei smaagjenta og katten hennar, og so maala ho bilæte med vassfargar og sette inn. Straks etter skreiv ho ei onnor liti soga, og læraren som fekk sjaa desse smaasogorne, sa at han skulde vore fegen um dei beste av skuleborni hans kunde stila so godt i konfirmationsaldren.

Daa ho var 14-15 aar gamall tok ho til aa skriva vers, fyrst paa dansk, men sidan paa norsk og jamvel paa svensk! I desse aari var det au at ho fekk styrkt kjærleiken til det norske maalet, og det var mest gjenom Janson sine bøker, segjer ho, endaa ho fyrr gjenom Aasen og Vinje hadde fenge samhug med maalsaki.

Tilhøvi i heimen vart ikkje ljosare, og det var lenge faafengt aa tenkja paa aa koma ut. Hugen drog henne til folkehøgskulen, helst til "Vonheim" til Chr. Bruun. Men vegen dit var lang og kostesam, so det var vonlaust. Men daa ho var 22 aar gamall slapp ho endeleg til ein gjenteskule paa Onarheim ei tri maanads tid.

Ho hadde alt fraa barneaari vore religiøs, og her vann ho no fram til personleg kristendom. Elles hadde ho alt daa lese mange gode gudelege bøker av Funche, Arndt, Spener, Christ. Bruun o. fl., so ho hadde eit godt grunnlag aa byggja paa.

Aaret etter fann ho den beste venen ho nokon gong hev aatt. Det var ei hardinggjenta, yngste systeri til Lars Kinsarvik. Og samværet med Ingebjørg fekk svært mykje aa segja for henne.

"Naar livsyrket mitt vart lagd so heilt yver paa norskdomssida som det vart, er det i fyrste lina henne aa takka," fortel ho.

Ho størde henne ogso til aa skriva, og no skreiv ho si fyrste verkelege forteljing "Kari Haugen", som mange aar etterpaa vart prenta i "Unglyden". Ingebjørg kom til Amerika og døydde der; men venskapen deira varde so lenge ho livde.

Jenny vart gangande heime til ho var 27 aar, gjorde vanlegt bondearbeid, las og tenkte. Men so vart klufti millom foreldri hennar so stor at ingi bru rakk yver. Dei vart skilde, og so tok ho mor si med seg og flutte til Voss - med tvo tome hender. Det var i 1889.

Dei hadde det vondt paa mange vis, fraus og svalt stundom. Men Jenny greidde daa likevel aa halda livet baade i seg og mor si. Ho sauma dokkor, laga likkransar, dreiv frihandel um vinteren og friluftskafe um sumrane, sauma, spyta og mangt anna.

Fyrste vinteren ho var paa Voss gjekk ho endaa attaat paa "studentfabrikken" hans Paul Bergh og tenkte taka millomskuleeksamen. Men um vaaren døydde Bergh og skulen slutta av seg sjølv.

Det vart no nokre mødefulle aar frametter; men so fekk dei litegrand hjelp av eit legat, og daa vart det noko betre. Dei faae fristunderne ho hadde, tok ho meir og meir til aa nytta i arbeidet for sine hugmaal, serleg avhaldssaki og den frilynde ungdomsrørsla. Ho var daa mykje med i avhaldslaget og i "ungdomsforbundet" som Voss ungdomslag daa heitte. Her brukte ho baade munn og penn.

Daa so Lars Eskeland og Olaus Alvestad skulde taka til med Voss folkehøgskule um hausten 1895, var ho den fyrste som skreiv seg til læresvein der. Ho hadde fyrr ikkje havt nokor sers upplæring i aa skriva norsk maal; men no fekk ho daa læra det til fullnads.

Og kjærleiken til folkehøgskulen hev ikkje minka med aari. Endaa kjenner ho seg som ein høgskuleungdom i hug og sinn, trass i dei sylvgraa haar. Strilagjenta er av dei folk som kann halda seg like unge heilt upp i alderdomen. Um likamen eldest, so er aandi lika ung og frisk. Det er ikkje so lenge sidan ein skreiv i "Unglyden", at dersom ho ikkje hadde late bladi faa bera ut aldren hennar, hadde han trudd ho var ei tjugeaars gjenta.

Tri gonger hev ho bygt seg eige hus paa Voss, men hev lote selja dei alle tri. Det siste selde ho no i haust og flutte daa til Voss enkjeheim, der ho skal passa og stella gamle mor si som no er sengjeliggjande.

Som eg alt fyrr hev nemnt hev ho freista mangt slag arbeid. Dokkearbeidet hev ho drive i mange aar og hev lage ei uteljande mengd av nasjonaldokkor og andre dokkor. Tvo gonger hev ho halde store dokke-utlutingar, og tvo gonger hev ho fenge "heiderleg umtale" for nasjonaldokkorne sine; siste gongen paa Bergenssjaaet i 1911.

Ein gong fekk ho ogso istand nokre bilætkort - med bilæte av nasjonaldokkor - og selde.

Heile hennar liv hev vore eit stridt arbeidsliv, eit sjølvgløymande offerliv i kav og saknad. Men ikkje hev ho gjeve seg yver i sut yver dei tronge kor, og ikkje hev ho vanskøytt si eigi aandsutvikling i tunge motgangsdagar. Ho hev lese uhorveleg mykje, og mangtslag hev ho lese, fraa baanelesnad til filosofiske verk.

Ho er barnegod og dyregod som faae, og hev sers godt hjartelag for alt som hev det vondt i verdi. Mykje av det ho hev skrive vitnar um det.

Det fyrste ho hev prenta paa norsk er truleg ei par vers som stod i februarheftet av "Nora" for 1889. Fyrste verset var soleis:

 

"Dei skriv no so mykje um solskin og blomar,
med' sjølve dei stend i sin fagraste sumar;
men naar dei vert gamle og blinda av graat,
eg vonar nok fela fær annan laat".

Sidan hev ho skrive i mange blad, som t. d. "Vaaren", "Norsk avholdsungdom", "Ygdrasil", "Hordaland", "Fremad" og "Bondebladet". Men aller mest hev ho, som fyrr nemnt, skrive i "Unglyden".

Fyrste spelstykket ho skreiv heitte "Stølsgaman". Det vart berre prenta i "Unge Skud" (som "Unglyden" fyrst heitte) i 1896 og kom ikkje i bok.

Det fyrste ho sende ut serskilt var tvo smaae flogskrifter eller traktatar med gudelegt innhald: " Livande kristentru" og "Forfylgjing eller kva ?" Baae kom ut i 1908, og dei var berre paa 8 sidor kvar. Men so i 1914 sende ho ut heile tri spelstykke. Fyrst kom "Gunnstein Kvaale", folkespel med emne fraa 1814. Dette stykket er noko større upplagt enn dei vanlege smaastykke for ungdomslagi, og daa det hev slik ei mengd med personar og krev ikkje so lite utstyr, hev det vorte lite spela. Gunnstein lyt ut i krigen i 1814, og medan han er burte, vil dei tvinga gjenta hans til aa gifta seg med ein annan, som ho ikkje vil ha. Men Gunnstein hev "bispen til morbror", og daa er det ikkje so faarleg, veit me. Paa sjølve brudlaupsdagen kjem han heimatt med kongebrev, fraa Kristian Fredrik sjølv, paa at han skal ha gjenta. Og den andre brudgomen lyt pitla seg burt! Det er nok den rike morbroren, "Bergekongen", som stend attum, og det gjeng utruleg lettvint alt ihop.

Same hausten kom " Paa heimegrunnar" og " Slurvestell". Det fyrste kallar ho folkespel og det handlar um ein bondegut som hev vore i byen og vorte utskjemt av bykulturen, so han ingenting duger til, daa han kjem heim att. Han raakar ei jaalutt bondegjenta som er trulova med bror hans, og han tek gjenta fraa broren. Men mori veit nok meir enn mata seg. Ho fær den unge spretten inn i forretningi hjaa ein handelsmann, og ho hev ei onnor gild gjenta ferdug til den svikne broren! Det lagar seg utruleg vel, som ein skynar.

"Slurvestell" er kalla moro i ei vending, og det ligg daa i sjølve namnet kva det handlar um. Det er slurvestell so det munar hjaa Halldor og Rakel. Allting fær gaa som det vil, og sistpaa høyrer ein daa kor sjølve fjøset dett ned yver hovudet paa kyrne.

Desse tvo spelstykki er utruleg lette aa syna fram, og dei er morosame. Difor hev dei ogso vorte mykje spela i ungdomslagi sidan dei kom ut. Sagte er dei noko tilgjort; men ein fær hugsa paa at dei ikkje gjev seg ut for meir enn det dei er: høvelege smaastykke for urøynde spelarar, og difor kann ein ikkje leggja so strengt alnemaal paa deim.

Det same er aa segja um det siste spelstykket hennar " Gjenta som valde rett" (1915). Det er elles um eit meir aalvorlegt emne, um ei gjenta som dei vil tvinga til aa taka ein drikkar; men som tvert imot mori sin vilje tek den fatige guten ho er glad i. Det syner etter mi meining framvokster hjaa bokskrivaren.

Ho hev no ferdug tvo nye stykke, og fleire i arbeid. Desutan hev ho ferdug ein bundt stevleikar og ei avhandling: "Ungdom, kjærleik og gifting". Som ein ser er det stødt ungdomen ho tenkjer paa, og norsklynd ungdom vil takka henne for det ho gjev.
 


Frå Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar.Kristiania: Nikolai Olsens Prenteverk 1916. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad