Minnetale [over Arne Garborg]

(Dikt, 1924)

ved likferdi i Trefoldighetskyrkja den 21. januar 1924.
 
Når handi eg legg over augo,
då mun eg sjå deg so greidt,
slik som du var i dei femti åri,
då tilsaman på jordi me gjekk.
 
*
 
Då ser eg ein mann som med lykti i hand
gjeng leitar og leitar på strand.
 Um eitkvart han finn, han leitar på nytt.
 
*
 
"Seg meg kva leitar du etter,
 med du aldri fær fred eller ro?
 Er det eitkvart som du heve mist,
eller er det noko nytt du vil finne?"
 
*
 
"Eg leitar etter alt som eg vita må,
 um eg skal bli vaksen mann.
 Eg freistar å finne kva eg duger til
 og kva eg skal røyne meg på
 i den tidi meg unnest å leva.
 Etter livsmål eg leitar store nok
 som ein mann kann vigja seg heilt
 og gjeva um det krevst både liv og blod.
Eg leitar etter leidi som Norig skal gå
 fram imot vyrdnad og fregd.
 Eg leitar etter ein liten flokk
 som i kjærleik mild legg viljen til,
 so fram det kann vekse som fedrar hev sått."
 
*
 
Eg lyder lenge, då er det eit mål
 som svarar djupt frå det dulde.
 Eg skynar at det er hans gode engel:
 "Den som leitar, han finne skal.
 Og vil du stride, og kann du tru,
 då med sterke tankar skal du byggje bru
til den høge, heilage framtid.
 Og tungorka ho skal deg leggjast på,
 d e t skal du hugsa, at so du kravde.
 So fest deg på minnet det ordet eg gjev deg:
      Offer, offer er det store
      løyndomsfulle livsens krav.
       Offer tonar frelsarordet
       over dåp og over grav.
       Lov er sett for mann og møy
       vil du leva må du døy.
       Vil du vinne livsens heppe,
       må du rolegt livet sleppe."
 
*
 
"Aa, gjeng du her endå du arme mann
og leitar den lange kvelden?
 Kva er det du saknar og søkjer no?"
"Aa, mest eg leitar um ei råd det finst,
 som menneskehjarta kann gjeva fred.
Kvar er upphavsbrunnen og årsakskrafti,
som styrer livet i heimen all? ÿ
 Burtkomen er han den gamle skapar.
Faderen vår me ser ikkje meir.
 Og kvar skal me livsens lover finne?
Sanningi er liksom sveipt i ei skodd.
Tankane strævar upp bakken so bratt,
men nedatt fell dei kvar einaste natt."
 
*
 
Då høyrer eg engelen svarar or duldo:
"Gjev gaum etter det eg i øyra ditt kviskrar,
det som for hugen leikar
  og på hjarte-tavla seg skriv
 og dirrar på samvit-strengen!
 Tanke-brui hev stutte spenn,
 og ho brest på dei store lengder.
 Men djupt nedi hjarte-brunnen
 er vatnet so stilt og klårt,
 og det speglar himmelen av.
 Og dera er det at sjølven sit
 som spelar på under-strengjom.
 Der gjeng det løynde vegjer
 og trådar som bod til deg ber
 frå dei store årsaks-krefter,
 som styrer både himmel og jord.
 Og det som for tenkjaren her er dult,
 han som talar for dagen,
 det skal sjå-aren i deg skilje
 og tala for ætti som kjem.
 Burtkomen fader enn let seg finne
 når sannings-søkjaren leitar,
 Jesus Messias hev vegen synt.
 Kvar den som fotspori hans vil fylgje
 den blir fagna som heimkomen son.
 Og uppe i Høgheim strålar Gud
 som tusen soler um tind,
du kunde aldri det ljoset tola,
 då var du bror min blind.
 Det minste vek av den allheims samklang
fløymande rein og rik,
 du kunde kje lenger jordi tola
 med alt hennar skrål og skrik."
 
*
 
Å, endå ser eg ein gubbe grå,
 som einsam vandrar til seint på kveld
 att og fram på den kvite sand,
 med det durar og dyn ifrå hav.
 »Å, kjære deg gamle venen min,
 er du endå 'kje nøgd? Kva søkjer du meir?"
 
*
 
"Å veit du nokon som hjelpe meg kann
herifrå burt til eit anna land?
 No kann eg 'kje lenger bie."
 "Kva meiner du no?"
 
*
 
Då han peika mot vest:
 "Sjå, det stig av hav eit alveland
 bak havdis grå.
 Det brenn i bre og skjelv og skin
 med gyllne bragd,
 og lufti glør i glans av vin
 sylv og smaragd."
 
*
 
"Å, ser du det heilage landet
alt bak havdis grå?
 Då stundi er nær, at hjelparen kjem,
din gode fylgjes-engel,
 som vil deg løyse frå vande og ve.
Når han den lysande krossen lyfter,
då hev du vegen greid."
 
*
 
"Eg såg meg ikring, [sic] Då var mannen burte.
 Men langt utpå båra syng kvitkledde flokkar
 so underleg fager ein song:
 "Teiknet fyre med ljos gjeng.
 Krossen skin der den heilage heng.
 Krossen skin som den stille stjerne,
 den kann me fylgje so trygt og gjerne."
 
---
 
Den kann me fylgje so trygt og gjerne.
 
---
 

Frå Ivar Mortensson Egnund: Arne Garborg. Oslo: Olaf Norlis Forlag 1924. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad