Johannes Skar

(Minneord, 1914)

Av Stefan Frich

(1914).

Med honom er ein gjæv mann gjengen til kvile. Etter eit stort dagsverk.

Eg vart kjend med honom fraa folkehøgskulen kom til Gausdal, -kanskje før òg. Der var han med, - med liv og sjæl. Men han gjorde liksom saa lite av seg, heldt seg aldri fram og heldt aldri talar. Han stygdest liksom for alt det som ruvde, - helst da for det som ruvde meir enn det var. Han var student, og ein flink student, men gøymde lærdomen sin saa ingen skulde sjaa det paa honom. Men i det stille var han ein god talsmann for folkehøgskulen og folkehøgskuletankom og gjorde paa si spakvorne vis mykje for aa vinne tiltru for dei millom folk. Og saa var han den fyrste som sette i gang ein friskule her i lande, ein barneskule etter det nye skulesyne; det var enda paa Aulstad han tok til med di, og han heldt ved med det i nokre aar. Han var helsebroten fraa si studeringstid og hadde knapt ein frisk dag sia i heile sitt liv, men det var nok ikkje mange som fekk visst om dei piner han laut dragast med. Hans aand var sterk, og i lag med folk var han jamt glad, jamvel »munter«.

I desse tider var det han vart kjend med Visknut; Christopher Bruun sette han paa det. Visknut var da mest 80 aar garnal, men livde enda i 4 aar, og i den tida kom han ofte aat honom upp i Svastum. Og han vart saa teken av denne merkelege mannen at han laut ofre aar av sitt liv for aa faa full greie paa han. Han fór rundt i alle bygder i Gudbrandsdalen og sanka og skreiv upp det dei fortalde, dei som hadde havt med honom aa gjera. Det var ofte saa sermerkt tykte han, saa han laut bruke deira eigne ord. Og saa skreiv han si fyrste bok, soga hans Visknut, men som i grunnen ikkje var stort anna enn sogur om Visknut, truverdugt nedskrivne slik han hadde høyrt dei. Mange aar etter (i 1896) arbeidde han dei meir ihop til eit samla verk, ei livssoge i samanheng (utgjevi av Det norske samlaget i 1898).

Koss det bar til at Johannes Skar »uppdaga« Sætisdalen veit eg ikkje. Han var enda ein ung mann aa kalle, men hans kjærleik drog han dels til born, dels til dei gamle. Det endeframme og godtrune, det upphavelege. Og sogusansen var vekt. Han har vel høyrt gjeti denne avgøymde dalen som enno livde sitt liv i gamle minne og nok gamal villskap attaat, og det drog han som eit gull-land. Men leva laut han, og saa lærde han seg til aa smie blekkty før han drog i vegen. Som »blikkenslager« drog han omkring i den framande dalen og gjorde seg kjend og lydde paa det folk fortalde, og vann samhug og tiltru, og heldt friskule attaat da han naadde saa langt saa folk vilde ha han til lærar for bornom sine. Lars Liestøl var honom til god hjelp, og fyrste friskulen hans var visst paa Frøysnes, garden hans Liestøl. Fylla og villskapen i dalen var stor, og han kom frami mykje stygt og fælt, - slaasting, jamvel draap. Etterpaa angra dei, og dei fæle slaastkjempene kunde tru seg til honom som ein god ven. For han vilde dei væl og var ein som det ikkje fanst svik i. No er sætisdølane ikkje villare enn anna folk, -- heller betre, for den moderne raaskapen bit ikkje stort paa dei. Kor stor ein lot eller del Johannes Skar kan ha havt i dette er ikkje godt aa vita; han bar ikkje sin eigen ros utover og taalde knapt andre gjorde det hell. Men han har ikkje livt 30 aar millom dei og livt slikt med dei som han gjorde utan aa setja djupe merke etter seg. Han var ein mann med djupt kristelegt aalvor og stor moralsk kraft, - ein av dei som »ikkje elskar med ord eller tunge, men i gjerning og sanning.«

Men det som vi og det norske folke ser som hans livsverk, det er det store samlarverke som etter hand er komi fraa honom under namne » Gamalt fraa Sætisdal« (i 6 bind) og som han nok ikkje vann aa føre til endes*), men som likevel er saa rikt saa ingen landsdel kan syne fram maken, og som bygdekultursoge vil staa som eit mynster for andre og syne dei den vegen dei har aa gaa: aa lye paa dei gamle og la dei sjølve tala med sine eigne ord og paa si eigi truverduge gjerd. Saa det byd seg fram som livslevande minne.

I dei siste 17 aar hadde han statsstipendium og kunde da ofre all si tid paa samlararbeide sitt og paa aa faa det ordna og prenta. Det var ikkje noko stort stipendium just, men altid stort nok for denne kravlause og smaanøgde mannen som hadde lært seg upp til aa berge seg med minst moglegt av det som heiter pengar. I 90-aarom budde han ei tid her paa Litlehamar og hjelpte sine vener i Vonheim med utgjevinga av blade »Framgang«. Han »heldt seg sjøl« og gjorde nok ikkje for mykje av matstelle. Ein gong han var hjaa meg og fekk »paalegg« paa smørbrøde kytte han paa at han vilde freiste litt med slikt han òg, men det vart nok ikkje. Blade gjekk paa tap og han var ikkje den som vilde auke gjelda. Some vil kanskje tykkje dette var smaatt. Nei, det var stort, der var sjæleadel i det.

Han var som dei fleste nok veit gudbrandsdøl, - fraa garden Skard i Øyer, bror aat fargar Ole Skar paa Litlehamar og skuledirektør Matias Skard. Ei syster hans er gift med Christopher Bruun.

Gudbrandsdalen har ære av aa ha fostra den sonen og vil nok gøyme han i varugt og godt minne, om òg hans bein kjem til aa kvile i den dalen som fekk hans største og siste arbeid.

*) No er det komi 2 bind til etter manuskriptom hans. Forf.

 


Frå Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1922. Side 123-126. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad