Litt av Kyrkjesoga, mest um Tiend og Hovudtiend.

 

(Del 1 av 6.)

 

(Av Olav Sveinsson).

 

 

I.

 

Tiend er ein svært so gamall Utlegg, visst den eldste me hev. Merkjeleg er den og med di, den hev hange ihop med Trui visst alle Tider. Soga, den hev, er jamnast stygg, stundom løgleg, men aalvorleg og imillom. Det er mest Presteskapet, dei Store og Kongarne, som hev stelt med Tienden.

 

Det var nok Skikk i dei eldste Tiderne hjaa mange Folkeferd, at dei gav burt til gudeleg Bruk tiende Luten av all si Vinning, anten det so var Avling av Jord, Avdraat av Kretur, Herfang elder anna. Soleis ser me av Bibelen, at Abraham gav Tiendedelen av det han hadde vunnet i Herferdi mot Kedorlaomer til Presten Melkisedek. Det var paabodet i Moseloven, at kvar Israelit skulde gjeva tiende Luten av all Avlingi si, tiendekvart Nautet o. s. b. til Prestarne og Levittarne. For at den, som tok ut Tienden av Buskapen ikkje skulde blada ut det beste, vart heile Bufloten driven gjennom eit Led og der stod daa ein og sette eit raudt Merkje paa kvart tiende Nautet, som soleis vart Tiendefe. Daa Jødarne kom under Syrerkongen, so laut Folket gjeva Tiende aat honom. Paa Jesu Tid vidkad dei Skriftkloke Tiendeplikti like til Karv og annan Matkrydd (Mynte, Dild og Kummen), noko, som ikkje var paabodet i Moseloven. Jesus ropad ”Ve” yver dei, fordi dei gjorde dette og var atterlatne med andre større og høgare Ting. Men Farisearne sjølve dei gildad seg berre av at dei ”gav Tiend av alt som dei aatte”, som me veit.

 

Eit slikt Paabod som Tiend var heilt ukjent hjaa dei fyrste Kristne. Dei livde som i eit Broderskap. Var der nokon, som det var smaatt og fatikt med, so skaut dei i hop og hjelpte av fri Vilje ettersom kvar hadde Hjartelag til. Hjaa dei var der ikkje noko Presteskap elder Lærarar med Serrett til Livebraud. Apostlarne var som me veit ”gjemeine” Folk og arbeidde for Føda si, og jamvæl Paulus, som visst var av høgare Stand, var Teltmakar. Og so var det utyver ei Tid. Irenæus, som livde i Slutten av det andre Aarhundrad, han segjer, at det var ein av Fyremunerne, som dei Kristne hadde framum Jødefolket, at dei ikkje visste av slike Utlegg som Tiend. Men med Krystostomus, som livde kring Aar 400, kom Tiendtanken fram. Han segjer: ”Gud hev sjølv gjevet Jødarne det Paabodet um aa svara Tiend. Men den kristne torer ikkje halda seg til det berre. Han lyt ganga lenger enn Farisearne og vera framum dei i Rettferd og gjeva alt, han kann. Iminsto lyt han daa gjeva Tiende av all Formua si til dei Fatike”. Me ser altso, at det var Tanken paa dei Fatike, som fyrst førde Tanken paa Tiend. Dei fyrste Prestar livnærde seg nok sjølve. Men daa Menigheiterne aukad, so fekk dei mindre Tid til kropslegt Arbeid, og soleis kom dei til aa faa forlite aa liva av. Menigheiterne skaut daa til friviljug Hjelp, so dei ikkje skulde lida Naud. Offringi er soleis den fyrste og einaste Løningsmaaten. Men litt um Senn serad Prestarne seg fraa det hitt Folk som ein framifraa Klasse. Dei vart meir og meir til eit Stand, som meintest aa eiga ein større aandeleg Givnad. Dei vilde ikkje standa i Jambreidd med det jamne Folk, men risa høgare upp. Dei meintest aa hava ei høgare Vigsla, so Guds Aand var dei nærare, dei høgnadest upp til aa vera som eit Slags Millommenn millom Vaarherre og Menigheiti, til Tolkar, som Vaarherre brukte, naar han vilde tala til Menigheiti si. I det tridje Hundradaaret vart det forbodet Prestarne aa arbeida. Dei skulde berre driva med det aandelege Arbeidet sitt. Dei vart meir og meir sett i Jambreidd med Levittar og Prestar hjaa Jødefolket. Daa dei ikkje lenger arbeidde, so laut dei sjølvsagt faa Føda si av Menigheiti. Det vart soleis baade Prestarne og dei Fatike, som trong til Hjelpi. Men daa Prestarne vart tekne som eit Slags Levitstand, so var det ikkje so rart i, um dei tok til aa krevja same Løningsmaaten og fritakast for mange av dei Tyngslur og Byrdur, som Aalmenningen, den læge Klassa, laut bera. Men altsaman dette gjekk som ei friviljug Sak so lenge Menigheiti var Frikyrkja. Lovleg paalagde Pliktbyrdur vart der fyrst etter at Kyrkja vart Statskyrkja.

 

Den Trui, som dei hadde i Romerriket fyrre Kristentrui, var heilt igjenom ei Statstru. Det var ei Tru, som ingenting hadde med Hjartelivet aa gjera. Det var ei turr Tanketru utan religiøse Kjendslur, og Gudsdyrket gjekk mest berre ut paa plent og grannvart aa gjera etter gamal Skikk og Fyreskrift. Naar dette vart gjort, so var Staten nøgd, han hadde ikkje meir aa krevja. For Romaren var dette offentlege Gudsdyrke berre ei Plikt. Naar ein hadde gjort so som Lov, Skikk og Fyreskrift baud, ja so var det ikkje meir aa gjera. Han var ankelaus, liksom naar ein her hev sett Vegstykket sitt i stand, so som Lov og Veguppsyn hev fyrelagt. Alt er daa godt og væl; og so er ein kvitt den Ting til neste Gong. Dei som stelde og styrde med dette offentlege Gudsdyrke, dei hadde si visse Løn for det av Staten.

 

Naar Kristentri, som er ei personleg Sak med Gud, var gjort til ei Statssak og soleis eit Paabod, so var det altso aa gjeva henne ein heidensk  Skipnad. Dette gjorde, som me veit, Konstantin. Han gjorde Kristendomen til ei Statssak, fordi at Romarne fyrr hadde ei Tru, som etter sitt Væsen laut vera og var ei Statssak, fordi det var ei Ceremonitru. Kristendomen vart i staden for aa vera ei Hjartesak umgjord til ein Kyrkjeskikk elder Ceremonisak etter Fyreskrifter, som Staten lagde upp, altso noko reint utvortes. I staden for at eit Menneskje sitt heile Liv skal vera ei Gudstenest, so set Staten upp ei Embætsmannsforretning til visse Dagar med visse Ceremoniar og kallar so det ei Gudstenest. I staden for Heilagaandi, som skulde vera Sjæli i ei fri Menigheit, so fekk dei eit lønt Statspresteskap, som skulde vera Sjæli i eit vist Forretningsumkverv, med ei viss Plikt paa alle dei Menneskjur som budde der i den Ringen. Ein god Kristen er den som liver i Samband med Gud, som liver i og dagleg veks ved Gudsordet og som meir og meir let seg leide av Guds Aand, idi han legg heile Menneskjelivet sitt paa Gudsordet sin Grunn. Men i Statskyrkja vert han den bedste Kristen, som truast held Ceremoniarne og Fyreskrifterne, og som legg heile Livet sitt synleg so, som Presteskapet og dei Raadande vil hava det. Tiendesoga syner og noko av dette. Like fraa Fyrsto, at Statskyrkja vart lagad, so ser me, at det var dei, som offrad og gav mest aat Kyrkje og Presteskap, som kom høgst i Gjetord for Kristendom.

 

At dette hev Grunn for seg, skal eg for ein Del syne av eit Keisarbrev av Konstantin sjølv, som han skreiv til Anulin, Landshovdingen elder Jarlen sin i Afrika. Brevet lyd so:¹)

  

Heil deg, vaar ovheidrade Anulin! Det er klaart av dei mange Røynslur, me hev havt, kor store Faarer Staten hev dreget paa seg med di, at det, som dei med største otte og Age dyrkar det himelske Væsenet i, Trui, at ho ei Tid var vanvyrd. Paa hi Sida er det røynt, at Trui rett teket og rett stelt ved Gud sin Naade hev gjevet Romerrike mest Lukke og Menneskje Heppe og Vælsignad med alt, ho fyre seg hev teket. Difor meiner me, at dei Menn, som høvelegt og heilagt, trutt og idug hev gjevet seg til aa passe og stelle med Trui fraa Gud, dei lyt njota Løn av Arbeidet sitt. Etter det vil me, at du i Fylket, som er deg gjevet, skal heilt fritaka dei sokallad Klerkar (Prestar), som steller med Gudstenesti i den aalmenne Kyrkja (”ceclesiam katholicam”)  for all Statstenest, so dei ikkje smittar seg med nokor Missgjerd elder gjer Misstig, som er dei til Skjemd og so dei vert dregne burt fraa Gudstenesti, som paaligg dei, men at dei tvertum so mykje meir hugheilt og roleg kann røkta det rette Embætet sitt. Staten hev visst største Baten av at dei med all Givnaden sin steller med Gudstenesti”.

  

Me ser, at det var for Staten si Skuld, at Konstantin gjorde Kristendomen til Statstru og fritok Prestarne for aa hava aa gjera med noko verdslegt og gav dei Statsløn, og store Gaavur. Det som var Maalet for Konstantin, det var ei eineveldug Keisarmagt. Kristendomen hadde grodd seg so inn og breidt seg so ut i Romerriket, at den og hadde voret til ei andeleg Stormagt, som det kunde løna seg aa verta Godven med. Statskyrkja er soleis eit Slags Kompromis millom Kyrkja og Verdensmagti. Kyrkja gjev burt det meste av sine ideale Krav mot at Verdensmagti ytar henne Varning og jordisk Vinning. Kyrkjeembæti kunne fyrr berre mottakast av hugsterke Menn og hjarteleg truande Kristne, fordi ein i ei slik Stilling støtt sat utrygg og i Faare, men etter at Kyrkja vart teket i Fang av Staten, svart Embæti meir søkte av Folk, som vilde vinne Fe og Frægd, verdsleg og jordisk Vinning. Fyrr livde dei, som dei gamle sagde det, ”av Guds Naade og Miskunn”. Aa gjeva Predikantarne Løn var ein Kjettarskikk. Men det var onnorleis no. Kor romus Konstantin var, ser me av eit Gaavebrev til Bispen Sæsilian i Kartago. I det segjer han: ”Daa eg hev sett meg fyre aa hjelpa Tenaranne av den høgheilage aalmenne Tru, som Lovarne no hev heimlat, i alle Landskap i Afrika, Numidia og Mauritania, so hev eg skrivet til den væltende Rentemeistar Ursus i Afrika, at han skal greide deg ein Sum av 3000 Pengar (1/2 Mill. Kr.?) _ _ Skulde du no tykkja at denne Gaavmilda mi ikkje er so fullgod, som ho skulde, so kann du berre fritt ganga til Styraren for Riksgodset, han Heraklid, og beda um so mykje, som du trur, at det trengst, so vil han med det same, som din Høgværdugheit bed um det, telja til deg den Summen, du bed um. Her ser ein Leidi, som den nye Kyrkjepolitikken peikad mot, og paa den skreid det fort og heldt fram gjennom fleire Aarhundrad. Kyrkja fekk Rett til aa vinna seg Jordegods og Eigedom, so ho innan ein Mannsaldar sat med Tiendeluten av Grunneigurne. Og so hadde Kyrkja den Serretten, at ho kunne taka imot, kor mykje det so var, men ingen hadde Rett til aa faa att av henne noko Slag. Nedigjenom Tidi aukad desse Kyrkjeeigurne, so at ho i sume Rike, som Tyskland, sat med umpass fjorde Luten av Jordi, i Spania sjette Luten o. s. b.

 

Og so vart det arbeidt og masat like fraa Konstantins tid med aa faa Folket til aa svara Tiende. I Kyrkjeretten vart det for det fyrste sett fram som ei Samvitsplikt for kvar av all si Eiga og all si Avling og Vinning aa gjeva Tiendedelen aat Kyrkja. Presteskapet masa trottug med aa prova dette ut av Bibelen. ” Det var eit Paabod, som Gud sjølv hadde gjevet aat sitt Folk”. I Aaret 585 vart det paa eit Kyrkjemøte sleget fast som moralsk Rett aa gjeva Tiende, ja at dei skulde refsast med Banstøytning dei, som ikkje vilde. Eligius, HeilagMenne og Bisp, som livde og verkad ein femti Aar etter dette Møte heldt fram dei gudelege Grunnar soleis: ”Det er ein god Kristen, som jamt gjeng aat Kyrkja, og legg Offeret til Gud paa Altaret, og som er reinlivad og smaatærande fleire Dagar fyre Helgarne fell inn, for at han med eit godt Samvit kann ganga upp til Altaret, og som attaat kann Fadervaaret og Truesartiklarne utanaat. – Kaup Sjælarne dykkar fri for Straff! De hev det, de skal kaupa for: Gjev Gaavur og Tiend aat Presteskapet Gakk jamt aat Kyrkja og bed dei heilage Gudsmenn um aa verna dykk. Gjer de dette altsaman, so tarv de ikkje vera fælne, naar de skal møta fram for den evige Domaren paa Domedag”.

 

Den Mannen, som imillom kunne tala sovoret, han vart, etter at han var daaen, dyrkat som Helgen. Kva Skilnad er det i Grunnen millom denne Mannen og Farisearen, som meinte han var heilag, fordi han fasta tvo Vendur i Vika og gav Tiende av alt, han aatte?

 

(Meir.)

 

¹) Euseb. X. 7.

 

 


Frå Fedraheimen 03.09.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum