Um Taalsemdi og Grensorne for den.

 

(Del 3 av 3. Fyrste delen.)

 

(Av Ingvar Bøhn; de meste etter eit Fyredrag)

 

(Slutt fraa fyrre No.)

 

Men likevel er der nok Rom til eit Arbeid for Taalsemd mot annan Manns Yvertying, fordi um de inkje gjeng an aa gaa so vidt, som til aa ”agta alle Meiningar like høgt” og soleis slaa alle Yvertyingar ihel me de same. Der er mykje, ja overlag mykje Trongsyn til i Veri, - som inkje kan sjaa, at der finst Vet i noko anna en de, som eg og mine Jamlikar trur og tenkjer og hev  trutt alle Dagar. Og der finst inkje mindre av Yvermot og Sjølvklokskap, som aldri hev havt ein Tanke um, kor lett dei sjølve kan taka feil. Og de er ei lang Lære aa koma til Botnar i den aalvorlege Sjølvkjenskap, som slær Sjølvklokskapen ne, og i de kjærleiksfulle Syn, som kan fullt ut agta de goe, som finst hjaa andre Folk au. De er ei lang Lære, som dei hev mykje ulært av endaa dei som skrik høgst paa Taalsemd au dessmeir.

 

Vist maa  de lata seg gjera aa koma til ei viss og fast Tru og Meining um sume Ting, iser um deim, som de mest kjem an paa, allerhelst um dei store evige Spursmaal, som hev bore Menneskjelive i alle Tier som den sterkaste Krafti igjenom dei, og som nok ne paa Botnen ligg til Grunns for kvar Manns Liv i dag au. De vart upi Meiningsløyse all Ting, um inkje ei slik Tru skulde vera aa finna.

 

Men de trengst vel aa faa Auga up for, kor utruleg ulike Former Live kan faa under ulike Kor, - at Menneskjelive er samansett av mange Traaer, som alle høyrer me, at inkje alting maa vera netup slik som eg er upvaksen i og er van me og som eg hev tenkt meg de ut. I alle dei mindre  Ting maa eg freista aa faa Rom for den Tanken, at mangt kan vera gott, um de er mykje annleis, en som egnetup hev lett for aa forlika meg me. Paa den Maaten treng Me kanske vel aa faa vaart Syn utvia alle i hop.

 

Og de trengst vel aa læra, kor utruleg mange dei er, dei menneskelege Veger til Misstak og Villfaring. De trengst at du lærer til Gagn, kor lett du sjølv kan fara vilt i mangt, so du inkje vert viss fyrr Tii og paa for lause Grunnar; og so du kan læra aa døma mildt um dei andre, naar du synast vera viss paa, at dei  er paa galne Veger.

 

Og endeleg trengst de, at Me kan læra aa skilja Mannen og hans Meiningar fraa kvarandre; at Me kan sjaa, at de hender utruleg ofte, at Mannen er be’re en hans Meiningar. Han kan hava Tankar og Truer um mangt som kan vera fælt vrange og missvisande, enda kan han vera ein overslag bra og rettenkjande Kar; likesovist som mang ein Mann kan vera ein stor Skarv, um han hev aldri so vise og regtige Meiningar baade um de eine og de andre. Ja endaa um dei hev aldri so fæle og ovskræmelege Meiningar, so kan der titt vera mange undskyldande Ting, som hev gjort de, og som inkje Me kjenner til; og Me maa lære de, um Me skal verta retteleg taalsame, at de titt kan vera rett aa døma mildt um Mannen, um Me vel maa døma strengt um dei Meiningar han hev.

 

Her hev du ei liti Prøve paa de, som skal til for aa verta taalsam. Og alt dette er ei lang Lære. Du treng heile Live til de, og endaa kjem du nok inkje til endes me de, er eg rædd. De er inkje gjort me eit einaste Strek. For daa kunde du koma til aa kasta Barne ut me Laugvatne, og de er ein skral Visdom.

 

For de er den rette Taalsemd, - - inkje den lurvutte Visdom, som me ei høgvigtig, livskjei (”blasert”) Mine priser alle Yvertyingar og sjølv hev ingi; men den som under Livsens Stri og Aalvor hev lært aa skyna og vyra Menneskjelive i al sin Rikdom og alle sine Former; som au hev lært sin eigen Daarlegdom aa kjenna, so ein Mann inkje liter paa seg sjølv meir en rett og rimeleg kan vera; men som endaa kan tru paa ei Sanning me heile si Sjæl og liva for den, elska me brennande Kjærleik alt som er rett og gott og sant og hata me livande Hat alt som vil grava til Avgrunns de goe og vakre i Live. Hata maa du alt dette av heile di Sjæl, anten dei som gjere de, gjere de i go Tru elder inkje; men inkje hata Gjerningsmennerne sjølv for de, - som inkje so sjeldan kan vera villførde meir en vonde.

 

Og paa den Leii, som Me her hev peikt, ligg nok de tyngste og de sværaste Arbeie for Taalsemd-Tanken. Her er Grunnen og Roti. Vert Folkje nokolunde rett vendt her, so greier alt anna seg av seg sjølv; og vert dei de inkje, so hjelp inkje korkje Lover held Lærdomar.

 

For Taalsemdi hev nok ei Sie til, de er Lovsia, den Sia som snur imot Staten og som læt seg ordna me Liv. Ja denne Sia hev endaa titt vorte yverdrivi og vorte gjort-til-de fyste og mest de einaste. De er ho inkje; men endaa er ho vigtig nok, og Me skal daa her me nokre Or tale um denne Sia au.

 

I alt som hev me den borgarlege Lov aa gjera, der  skal alle vera like. Der  er de sant, at alle, - alle Truer og alle Yvertyingar skal vera like goe og hava same Rett. For Staten er inkje sett til Domar yver aandelege Ting. Den  skal berre setja Grensorne millom Mann og Mann og millom Flokk og Flokk. Den  skal syrgja for, at inkje den eine gjer den andre Urett. Han set Skil imillom Folk og hev med ei ytre og handgripelege og inkje med ei aandelege Ting aa gjera. Difor skal alle vera like for Lovi, utan Undantak: alle so nær som dei, som vil brjota Lovi.

 

Difor skal alt de aandelege Arbei vera fritt: fritt Or i Munn og Bok, fri Undersøking, fri Gransking. Lovi skal inkje leggja seg imillom.

 

Likevel finst der ei grense, som alle vil skyna. Der finst verkeleg dei Ting, som nok kunde vera til Gagn for ”Kulturen”, men som Staten maa forbjoa, fordi dei øyelegg honom. Eg skal setja fram eit Eksempel.

  

Vitenskapen kan lære overlag mykje av aa gjera Prøvor me livande Kroppar. Dei gjer de ofte me Dyr. Men soframt nokon vilde gjera slikt me ei livande Menneskje, so vilde dei taka honom og straffa honom etter Lovi, sjølv um han so ve si Prøve hadde gjort den største vitenskapelege Uppdaging, som i Veri fanst. Og de er rett. Endaa Hans Jæger sjølv trur eg vilde skyna de, alvist um nokon vilde taka honom sjølv til prøve og laga seg til aa spretta honom up lite Grand i Magen.

 

Og eit Eksempel til. Naar nokon meiner – som sume i Utlande (Communistarne) – at ”Eigedom er Tjuvri”, at al Eige skuldevera sams og ingen skulde hava Lov til aa hava nokor Eige for seg sjølv, so skal de inkje vera forboe i Lovi aa verka gjenom Or og Skrift for denne Meiningi og freista aa faa andre Folk me seg paa de same. Men dersom nokon segjer, at han kan inkje verka fullt  for denne Tanken, utan ve aa faa Folk me seg til aa gjera honom til Sanning i Gjerning ve aa røva og stela, og han fær de sett i Verk, so tek dei og sett Karen fast. Og likeeins naar nokon meiner, at eit liderlegt Liv er ein bra Ting, so fær han vel faa Lov til aa meina de, og til aa preika den Læra au. Men dersom han segjer, at han kan inkje fulltut verka for denne vakre Tanken sin, utan ve aa vekkja Hugen i Folk so mykje som mogelegt til aa liva liderlegt, fordi dei svinslege Lyster hjaa Folk er de kraftigaste Innlegg for Saki (som sant er), - so hjelp inkje de. Lovi som ho no er, er bygd paa den Tanken, at Lauslivna inkje er gott, og difor hev ho forboe liderlege Skildringar i trykt Bok, fordi dei altfor lett fører mykje slikt me seg. Og ho kan  no vel inkje anna, so lengje ho er bygd paa den Grunnen. Dei som meiner denne Grunnen er galen, lyt freista aa faa den  forandra. Men dei lyt venta, dei sovelsom Sameigemennerne (Communistarne), me aa gaa fram til Gjerning, inntil dei hev sett slik ei Forandring igjenom.

 

Som Gud vil forbjoa, at dei nokosinn fær gjort.

 

So de læt seg nok inkje neita de, der finst ei Grense, som inkje maa takast burt.

  

Der finst tvo Livsringar: den som hev me de indre Liv, me Aand og me Or aa gjera; og so den som tre ut i ytre Verk, i den fullførde Gjerning. I den fyste høyrer Fridom heime fulltut, i den siste hev Lovi eit Rom. For de meste er desse tvo Livsringar lette aa skilja ut fraa kvarandre; men der finst nokre faae Staer, der dei rører innaat kvarandre og hev likesom ei liti Sameige. Der nytter de inkje aa skilja Trætta me eit Hogg, soleis at den eine Part fær alt.