Um Taalsemdi og Grensorne for den.

 

(Del 1 av 3.)


(Av Ingvar Bøhn; de meste etter eit Fyredrag).

 

I gamle Tier hev de vore drive fælt til Forfylgingar for Trui Skuld. De er so de kan grysja i deg, naar du høyrer Tale um de. Paa alle uptenkelege Maatar hev dei vorte pinte og ille me-farne og brende i Tusundtal paa Tusundtal.

 

De var tileg, dei kom inn paa de, at dei burde tvinga Heiningar til aa tru me Svere. Me Karl den store tok de til i stor Stil; han var smitta av Muhamedanarne. At slikt var reint ukristelegt, var han inkje go til aa skyna. Um inkje ei slik paatvinga Tru vart til Gagn for den fyste ætt, so kunne endaa Borni faa gott av henne, _var ofte Tanken.

 

Men sian gjekk de viare og viare. De var inkje berre reint ukristelege og ryggjelause Sekter, som vart forfylgde. Den brennande Øs, som so lett kjem up i kvar Stri, _og mest i den gudelege, fordi der gjeld de dei største Ting, _gjorde, at de minste Avvik i Tru og Meiningar vart gjort til ein stor Ting. Baae Partar trudde so lett, um de var aldri so smaatt, de dei stridde um, at den Læra Motparten førde, bar ratt til den evige Usæla. Og so trudde dei de maatte vera nokre fæle Menneskjor, dei som bar fram ei slik Lære og vilde føra Tusundtal me Folk me seg ne i Avgrunnen. Dei trudde de maatte vera berre Vondskap og Djævelskap, som dreiv deim; ja dei syntest sjaa den Vonde sjølv staa bak. Og den som berre hadde Magti til de, tottest daa hava fullgo Rett til aa tyna slike Folk og soleis hindra Villføringi fraa aa breia seg viare ut.

 

Soleis bar de i Veg, og gruvelege Ting vart utøvde, ofte i go Tru, i den Tanke aa gjera Gud ei Teneste. _Ja de var i go Tru inkje so sjeldan. Men at ofte ustyggeleg mykje vondt, Hat og Magtsykje og dei fælaste Laster slyngde seg inni her, treng vel inkje aa verta sagt.

 

De var verst i den katolske Kyrkja. Men dei hev inkje halde seg frie, dei protestantiske Landskyrkjor helder, um de enn for de meste var Landlysing og mildare Straffer, sjeldnare Livsstraff, som der vart brukt. De var alle Staer berre den eine Tru, som vart taald i kvart Land.

 

I Aarhundra etter Aarhundra vart soleis Tvang brukt imot Folk for Trui Skuld. Alle trudde um seg, at berre dei hadde den heile Sanningi, og at dei som hadde aldri so lite ei onnor Tru, var nokre fæle Menneskjor, som dei maatte verja seg mot med all Magt og Vald.

 

Men so endeleg i fyrre Hundra-aare brast all denne Tvang me stort Brak. Daa kom der eit reint nytt Syn fram i dette som i so mangt.

 

Daa kom dei til aa sjaa, at han var falsk, denne Tanken dei hadde havt, at de var berre Vondskap og Djevelskap, som gjorde, at Menneskjor kom til so ulike Meiningar. Nei langt ifraa! Der kunde vera hjarteleg brae, ærlege Menneskjor baade paa den eine og paa den andre Sia i ein Stri. Og inkje var helder for de meste all  Sanningi paa den eine Sia. Nei for de meste, um inkje alti, var der noko av Retten, meir elder mindre, paa kvar Sie. De var so titt kvar si Sie av Saki, dei tvo Partar heldt fram. Og baae høyrde difor me og gjorde sitt  Gagn; ingen kunde utan Skae vera burte.

 

Ja dette hev vorte ein stor Tanke i vaar Ti, som hev greina seg vitt utyver og dregje mange Fylgjeslutningar etter seg. Der er au mykje Sanning i honom.

 

I Soga ser du de, mest kor du vender deg. Alle dei Parti, som hev vore framme, og som fekk nokor Magt, hadde ei held onnor Sanning aa bera fram. Dei hev kvar ei sterk Sie; men so hev dei au ei veik Sie, paa hi Leii; de er mest som desse tvo heng i hop og inkje er skiljande fraa kvarandre. Sjaa sjølve den katolske Kyrkja me all den Tvang og Vald, som ho øvde, og de hare Band, som ho lagde um dei kristne Folk. Hev ho inkje just derve uptukta Lov og Orden i ei vill, ustyrleg Ti? og hev ho inkje just ve den jarnhare Einskap, som ho lagde ikring Folkeferi, utjamna mykje av den Skilnaen, som var imillom deim, og lært deim at dei var Brør og soleis lagt Grunnen til den aalmenne Folkeretten? Ho gjorde ei Gjerning, som maatte til; ho var god for si Ti. Lyt ein inkje likevel segja de?

 

Og som med dei protestantiske Kyrkjegreinerne. Du kan vera Luteranar so mykje som du vil, so lyt du gaa etter paa de, at den reformera Kyrkjegrein – dei kallar – hev havt si Gjerning aa gjera, den au.

 

Luter saag meir paa de inre, paa den frie Drift, paa Kjærleiken, Kalvin meir paa Lovsia, den ytre Gjerning, de kyrkjelege Styre. Ho tek de mindre djupt den reformera Kyrkjegrein, de er vist sant de. Men just difor, just fordi ho lagde slik Vigt paa dei ytre Ting, paa Lov og paa Styre, kom ho til aa blanda seg inn i Lovgivningi og Statsstyringi i alle Land. Paa den Maaten bar de til, at ho kom til aa styrkja Folki megtugt i mange Land imot alt Valdsvelde. Ho stødde til me livande Tru og me Eldhug og me gott Samvit under Strien mot Einvelde, - og vart soleis Moer til den borgerlege Fridom. – Og vist kan ho hava havt si Gjerning aa gjera i de kyrkjelege au, - eg vil inkje avsanna de.

 

Og fraa eit anna Umkverve.

 

Naar Me ser paa vaart Lands Soge i 1814, paa dei tvo Flokkar, som Riksforsamlingen kløyvde seg i: dei ægte ”Normenner” og ”Svenskerne” (som dei titt vart kalla), so er Me vel inkje i Tvil um, at vaart Hjarta er helst me dei fyste. Mykje verre vilde de vist hava gjengje, en de gjekk, um ”Svenskevenerne” hadde fengje Yvertake i Forsamlingi. Men likevel – kunne Me vel rektig hava ynskt, at dei skulde vore reint burte? De vil vel inkje mange segja. Daa var de vel aa ottast, dei kunne hava vorte altfor trygge og uvarsame, dei andre, og so kunne dei nok lett køyrt oss burt i eit Uføre, som kunde vore ille nok, paa ein annan Kant.

  

Og slik er de mest alle Staer. Mest alle dei Flokkar, som hev stae imot kvarandre i dei Strier, Soga fortel oss um, so hev dei havt noko aa leggja inn i den store sams Utvikling; paa ein held annan Maate hev dei gjort Gagn, hev havt ei held onnor Sanning, som deihev halde fram me Kraft. Ingen av deim kunde retteleg vel undverast – so ser de ut. Live er just dette forunderlege Samspel av alle dei tusund Krefter, av alle dei ymse Flokkar og Meiningar, - de er just dette som driv heile Utviklingi og gjev henne sin rike, mangslungne Vokster.

  

Ja her hev Me ein av dei store Tankarne, som dreg seg so megtugt igjenom vaar Ti, og som vil forma alt Live nytt fraa Roti av. Og han  ropar paa Tolsemd. Alle dei ymse Flokkar og Retningar hev kvar sitt Rom, dei hev kvar si Sie av Sanningi aa bera fram; kvar sin Traa flettar dei inn i Livsens mangslungne Vev; alle maa dei agtast og vyrast.

 

De er den eine av dei sterke Grunnsteinarne for Taalsemd-Tanken, som er uppe i vaare Dagar.

 

Men der er ein til, som du titt kan høyra framhalden, og som ber endaa viare. Og de er den:

 

Kor veit vel du, at berre di Meining er den einaste rette? Hev dei inkje meint just de same alle dei andre? Gjekk dei inkje ratt i Dauen for si Tru, mange av deim, som du kallar Kjættarar? Og var de inkje fraa denne Roti, fraa slik ei sjølvgo Tillit til sin eigen Dom, ho rann up, all denne fæle Aatfer mot deim, som hadde ei onnor Meining, just ifraa den? Er de inkje berre skire Overmot og Sjølvklokskap og Faakunne av deg, naar du  meinest vera so fullviss. Nei du maa aldri vagga deg inn i ei slik Innbilling. Du maa vita, at ein annan Manns Yvertying kan vera like so go som di. Han  kan hava Rett likevel, um du tykkjest vera aldri so viss. Difor maa du vyra annan Manns Yvertying likeso høgt som di eigi. Han hev si Yvertying og du hev di, me same Rett. So skal du agta deim like goe. Fyst de er de rette Frisinn; de er Taalsemd til Botnar.

 

Ja dette var ein stor Tanke! De var den andre  Grunnsteinen eg nemnde. Paa desse tvo er de gjerne bygt, de sterke Krav um Taalsemd som gjeng. Og de er klaart, at paa den Grunnen maa du koma langt fram i Taalsemd. Paa den siste steinen iser kan du byggja eit stort Hus, de er visst; berre sosant han ligg trygt.

 

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 29.05.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum