Kva skjer på Hauge-senteret

  • Mannen som kunne 75 språk

    Mannen som kunne 75 språk

    Hauge-senteret og Ulvik folkebibliotek markerer Den europeiske språkdagen 26. september med visning av dokumentarfilmen «Mannen som kunne 75 språk», ei gripande forteljing om språkgeniet som kjempa for minoritetars rett til å nytte sitt eige morsmål. Denne animerte historiske dokumentaren om noregsvennen Georg Sauerwein (1831-1904) er ei sterk historie om ein særs intelligent og usedvanleg samansett mann. Den fattige prestesonen frå Litauen vart i ung alder privatlærar for den rumenske prinsessa Elisabeth av Wied. Full av kjærleikssorg sette han alle sine krefter inn i ein kulturpolitisk kamp for å sikre minoritetar sin rett til å bruke sitt eige språk. Sauerwein meinte sjølv at menneska si sjel ligg i språket. Mister folk sitt morsmål mister dei samstundes si sjel. Sauerweins kamp for språkleg mangfald og språklege rettar var eit banebrytande arbeid i denne epoken av Europas historie.

    Kjøp billettar