Kva skjer på Hauge-senteret

  • Temautstilling: Ordefar

    Temautstilling: Ordefar

    Kva skjer når lyrikk spelar saman med andre kunstformer? Korleis kan lyrikk opplevast gjennom eit taktilt, visuelt språk? Kunstnar Randi Annie Strand stiller ut arbeid der skrift, språk og sanseerfaringar er sentrale element. Ho har utdanninga si frå Kunstakademiet i Lisboa og Høgskolen for kunsthandverk og design i Bergen.

    Hauge-senteret,
  • Siderslepp: Guro von Germeten

    Siderslepp: Guro von Germeten

    Under det årlege sidersleppet inviterer me til ein sprudlande konsert på Den grøne kafé. Guro von Germeten er blitt kalla den skumle vetlesøstera til Kaizers Orchestra, og «ho med det raude trekkspelet». Saman med Line Grenheim på fele og Christian Svensson på perkusjon leverer ho ein miks av gammal jazz, balkanske takter og smektande popmelodiar. Arrangementet er i samarbeid med Frukt- og siderruta. www.siderruta.no

    Den grøne kafé, Kjøp billettar
  • Hardingtokt: Kjærleiksbreva mellom Olav og Bodil

    Hardingtokt: Kjærleiksbreva mellom Olav og Bodil

    Etter 25 år i framande farvatn kjem M/F Hardingen sr. tilbake til Hardanger og legg ut på Hardingtokt 2017. Den 31. mai kjem Hardingen til Ulvik, og Hauge-senteret stig om bord i kjærleikens teikn. Der tek dokumentasjonsansvarleg Stein A. Hevrøy publikum med inn i kjærleiksbreva mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Arrangementet er i samarbeid med Bygdagnist.

    M/F Hardingen sr. ved Ulvik kai,