Kva skjer på Hauge-senteret

  • Obstfelder Atelier Francais Nasjonalbiblioteket.jpg

    Temautstilling: Obstfelder, Jonsson og Hauge

    «For mange kann litteraturen, på same måten som draumen, verta eit refugium i livsens gråe kvardag,» skriv Olav H. Hauge etter at han har lese «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder. Denne flukta finn ein òg igjen hos Tor Jonsson. I den nye utstillinga lar me Hauge fortelja om dei to store diktarane. Utstillinga er i samarbeid med Nasjonalbiblioteket, Tor Jonsson 100 år og Obstfelder 150 år.

    -
  • Poesifritidsordning

    Poesifritidsordning

    Det er planleggingsdag for skulen og barnehagen. Kva skal ein då finna på? Hauge-senteret arrangerer poesifritidsordning (alternativ skulefritidsordning) for alle born mellom 6 og 10 år. Det blir leik med ord, konkurransar, lesestund, songar og aktivitetar heile dagen.

    Hauge-senteret, Kjøp billettar
  • Vold ingress

    Verdas poesidag

    Jan Erik Vold er både ein av dei fremste poetane i landet og ein av dei viktigaste formidlarane av det andre har skrive. Både som poet og plateartist, essayist og debattant har han med dikt og avisartiklar sett i gang ei rekkje diskusjonar om litteratur og politikk. Vold debuterte som lyrikar i 1965 med samlinga mellom speil og speil, og sidan har han vore der. I 1996 gav han ut Under Hauges ord. Jan Erik Vold kjem til Ulvik på verdas poesidag for å lesa dikt og for å samtala med Jan H. Landro om eit langt liv i teneste for poesien.

    Kjøp billettar