Kva skjer på Hauge-senteret

  • Obstfelder Atelier Francais Nasjonalbiblioteket.jpg

    Temautstilling: Obstfelder, Jonsson og Hauge

    «For mange kann litteraturen, på same måten som draumen, verta eit refugium i livsens gråe kvardag,» skriv Olav H. Hauge etter at han har lese «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder. Denne flukta finn ein òg igjen hos Tor Jonsson. I den nye utstillinga lar me Hauge fortelja om dei to store diktarane. Utstillinga er i samarbeid med Nasjonalbiblioteket, Tor Jonsson 100 år og Obstfelder 150 år.

    -
  • Og plassen heitte...

    Og plassen heitte...

    Stadnamna fortel kva geografiske område heiter og er ein viktig del av den norske språkkulturen. Gunnstein Akselberg er språkprofessor ved Universitetet i Bergen og ein populær formidlar om språk, for tida er han aktuell i Linda Eides språksjov på NRK. Han kjem til Ulvik med eit opplysande kåseri om gardsnamn, namnetolking og namnenormering. Arrangementet er i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i Ulvik herad.

    Hauge-senteret, Buy tickets
  • Morsmålsdagen

    Morsmålsdagen

    Den 21. februar er den internasjonale morsmålsdagen. Målet med denne dagen er å fremja språkleg mangfald, fleirspråklegheit og kulturelle tradisjonar, samt auka forståing, toleranse og dialog om språklege og kulturelle tradisjonar.

    Ulvik folkebibliotek,
  • So long Leonard

    So long, Leonard

    «So long» song Leonard Cohen til kjærasten Marianne. No er det vår tur til å takka av ein av dei songlyrikarane i vår tid som har påverka flest. Lyrikar og forfattar Håvard Rem har arbeidd med Cohens verk gjennom biografi, radioserie og gjendiktingar. Rem held eit underhaldande foredrag om Leonard Cohen med omsette dikt og songtekstar.

    Drøs bakeri og kafé, Buy tickets