Kva skjer på Hauge-senteret

  • Olav H. Hauge og Georg Johannesen i Oslo, 1992.

    Seminar om lyrikk, samfunn og krise på Universitetet i Bergen

    Hauge-senteret og Universitetet i Bergen arrangerer lyrikkseminar saman. Stad er Universitetet i Bergen, rom 435 i HF-bygget. Dette andre lyrikkseminaret i regi av nettverket for Poetisk tenking skal utforska kva tilhøve det er mellom lyrikk, samfunn og krise. Ordet krise kjem av det greske krisis, og kan tyde splitting, separasjon eller avgjersle.

    -
  • Lyrikk, samfunn og krise

    Poesi når krisa rammar

    Hauge-senteret vitjar Litteraturhuset i Bergen og inviterer til lesing og samtalar rundt lyrikk og krise med Hildegunn Dale, Jo Eggen, Ingrid Nielsen og Sindre Ekrheim. Dale, Eggen og Nielsen les frå sine siste diktsamlingar og samtalar med forfattar og bokmeldar Sindre Ekrheim om eiga dikting. Er det ein samanheng mellom det splitta og tvitydige i kriser og noko særmerkt i det poetiske språket? Hildegunn Dale er forfattar og redaktør, Ein halv dag (2015) er hennar sjette diktsamling. Jo Eggen er anerkjent både som lyrikar og gjendiktar og aktuell med diktsamlinga Ruindikt (2017). Ingrid Nielsen er litteraturvitar og forfattar, ho debuterte som lyrikar i 2016 med den kritikarroste Hemmelig, men aldri som en tyv.

    Kjøp billettar
  • Poesinatt

    Poesinatt

    Hauge-senteret inviterer til ei natt i poesiens teikn! Og dessutan: Til poesi i nattas teikn! Poeten Endre Ruset gir ut ny diktsamling i haust, og kjem til Ulvik saman med musikar Stian Omenås og kunstnar Karin Nogva. Dette blir ei heilt særeiga oppleving gjennom tonar, bilde og lyriske ord! I løpet av poesinatta får vi også besøk av unge, framifrå poetar som Linda Klakken og Paal Maage Elstad. Slow Food Hardanger byr på lokal mat og drykk, og det blir open mikrofon inn i dei små timane.

    Elvatun, Kjøp billettar