Kva skjer på Hauge-senteret

  • Tid å hausta inn

    Tid å hausta inn

    Det er Fruktslepp i Ulvik, og Hauge-senteret inviterer til litterær festkveld med Agnes Ravatn og Einar Økland! Agnes Ravatn fortel om si nye bok, som mellom anna handlar om å flytte frå byen til landsbygda og bli næraste nabo med Einar Økland. Økland les eigne dikt og fargelegg resten av kvelden med sprudlande og saftige anekdotar om Hauge og om det å hausta inn.

    Den grøne kafè, Kjøp billettar
  • Elin Furubotn

    Konsert med Elin Furubotn

    Elin Furubotn er ein kritikarrost artist og låtskrivar kjent for å skildre kvardagen på ein underfundig måte. No er ho aktuell med plata «Ikkje gå deg vill», som er inspirert av det vakre landskapet i Sirdal. Med iaugefallande melodiar og ei særeiga stemme, serverer ho både humor og alvor til lyttarane sine. Furubotn er ein meister i å formidle, og med seg til Ulvik har ho ingen ringare enn Vamp-veteran Torbjørn Økland. Saman er dette ein sterk og sprudlande duo, med eit stort nærvær på scena – det er berre å gle seg!

    Drøs, Kjøp billettar
  • Luther : Europa i endring

    Luther: Europa i endring

    På dagen 500 år etter at Martin Luther skal ha slått opp tesane som sette i gang reformasjonen, kjem historikar Sigrun Høgetveit Berg for å snakke om si nye bok Reformasjonen. Ho fortel om korleis kongen tok makt, og kvifor endringane var meir uførebudde og blei større i Noreg enn mange andre stadar. Etter foredraget held redaktør i nettleksikonet Allkunne, Per Magnus Finnanger Sandsmark, quiz om historie, musikk, litteratur og geografi i Europa frå 1517 til i dag.

    Drøs, Kjøp billettar