Kva skjer på Hauge-senteret

  • Obstfelder Atelier Francais Nasjonalbiblioteket.jpg

    Temautstilling: Obstfelder, Jonsson og Hauge

    «For mange kann litteraturen, på same måten som draumen, verta eit refugium i livsens gråe kvardag,» skriv Olav H. Hauge etter at han har lese «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder. Denne flukta finn ein òg igjen hos Tor Jonsson. I den nye utstillinga lar me Hauge fortelja om dei to store diktarane. Utstillinga er i samarbeid med Nasjonalbiblioteket, Tor Jonsson 100 år og Obstfelder 150 år.

    -
  • Dylan samleingress

    Bob Dylan: Den store songen

    Då Bob Dylan i fjor haust fekk Nobelprisen i litteratur, var det som den første songlyrikaren nokosinne. Kva er det som gjer tekstane hans så gode? Professor i litteraturvitskap, Gisle Selnes, har skrive boka Bob Dylan: Den store sangen og vil fortelja om Dylans songlyrikk. Forfattar, musikar og Dylan-fan Pedro Carmona Alvarez kjem også til Ulvik saman med musikarven Annlaug Børsheim, og saman framfører dei favorittlåtane sine frå Dylans rike katalog.

    Drøs Bakeri og Kafè, Kjøp billettar