Kva skjer på Hauge-senteret

  • Migrasong

    Migrasong

    På 1800-talet emigrerte mange nordmenn til Amerika. Det gjorde også songane deira. Saman med musikarkollegaer gir Reidun Horvei innblikk i eit viktig kapittel i norsk-amerikansk historie. Songane på Elvatun denne kvelden dirrar av heimlengt, men dei ber også i seg fantasiar om det nye tilværet. Ikkje minst speglar songane dei norske emigrantane sine møte med nye kulturar, og slik kastar framsyninga også lys over situasjonen for mange flyktningar i dag. I samarbeid med Ulvik herad

    Elvatun, Kjøp billettar
  • Morsmålsdagen

    Morsmålsdagen

    Ulvik har mange innbyggjarar frå ulike deler av verda og derfor eit stort språkmangfald. Dette mangfaldet feirar vi på den internasjonale morsmålsdagen. Alle som har flytta til Ulvik frå andre delar av verda, er hjarteleg velkomne til å presentere poesi frå heimlandet sitt, eller dikt dei har skrive sjølve. I samarbeid med Ulvik folkebibliotek.

    Ulvik bibliotek,