Byggjestart for Vinje-senteret i 2018

Byggjestart for Vinje-senteret i 2018

– Eg er imponert over Vinje kommunestyre som no har lagt alt til rette for at bygginga av Vinje-senteret kan ta til i 2018. Det vil gjere inntrykk langt utanfor Telemark, inn i Stortinget og landet rundt, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – På tvers av partigrenser samla nesten heile kommunestyret seg om saka, og vi skal gjere vårt for at alle blir stolte av Vinje-senteret, også dei som enno tvilar.

Torsdag vedtok kommunestyret investeringsbudsjett som inneber at Vinje kommune løyver inntil 24 millionar til å byggje Vinje-senteret. Mot ei røyst vedtok kommunestyret å løyve fire millionar i 2017, og mot fire røyster fire millionar i 2018 og 16 millionar i 2019.

Få dagar etter at Jon Rikard Kleven hadde teke over som ordførar hausten 2015, sa han til Kulturdepartementet at han ville gjere det han kunne for å realisere Vinje-senteret i denne perioden. – Denne handlekrafta minner om det vi møtte då vi etablerte Hauge-senteret i Ulvik, og der har det gått svært bra. Eg takkar Vinje kommunestyre for viljen til å stille opp, seier Ottar Grepstad. 

På kort tid har mykje falle på plass for Vinje-senteret. Stortinget løyver statstilskot til basisutstillinga i statsbudsjettet for 2018, Vinje kommune tek regien for byggjeprosjektet, og dagleg leiar Kristian W. Rantala tek til 8. januar. Nynorsk kultursentrum arbeider ut frå ein framdriftsplan om opning med komplett publikumstilbod i 2020, men det er lenge til styret fastset ein dato.

Vinje-senteret skal halde til i nedlagde Vinje skule. Ombygging og tilbygg er kostnadsrekna til vel 24 millionar kroner. – Vinje kommune har teke grep, og no held arbeidet fram med å skaffe investeringsmidlar frå Kulturdepartementet, Telemark fylkeskommune og private instansar. Vedtaket i Vinje kommunestyre er det beste av alle argument, seier Ottar Grepstad.

 

Meir informasjon

Direktør Ottar Grepstad, tlf. 70 04 75 75 eller 906 16 727