Herborg Kråkevik opnar Ulvik poesifestival 2018
Foto: Agnethe Brun

Herborg Kråkevik opnar Ulvik poesifestival 2018

Fredag 7. september går startskotet for den 10. Ulvik poesifestival. Opningstalar Herborg Kråkevik gjestar festivalen for første gong. Saman med fleire av våre fremste poetar står ho på festivalscena for å dele lyrikk og tankar omkring poesi.

Herborg Kråkevik er ein allsidig artist og skodespelar som også har gjort ein viktig innsats på lyrikkfeltet. Ho har tolka «Haugtussa» og Edith Piaf, hatt store rollar i «My Fair Lady», «Victoria» og «Kristin Lavransdatter» og mottatt stor suksess på kabaret- og komediescena. Som songar og diktformidlar held ho lyrikken levande og aktuell. Gjennom fleire plateutgjevingar har ho løfta dei folkelege songskattane fram i lyset, og slik formidla og fornya viktige delar av den norske kulturarven.

Helga 7.–9. september er det ny festival i poesibygda. Årets festivaltemaet er Ordskifte – kva rolle, plass og funksjon har poesien i den offentlege samtalen? Poesifestivalen blir i 2018 arrangert for 10. gong, og det blir markerert med å opprette Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar som blir delt ut under opningshøgtida. Festivalen feirar også 200-årsjubileet for A.O. Vinje og 150-årsjubileet for Det Norske Samlaget.

Poesifestivalen er både innhalds- og omfangsrik. I løpet av tre hektiske festivaldagar kan ein oppleve poesi, lyrikklesing, litterære samtalar og konsertar i fleire format på mange stader i bygda. Det blir arrangement på frukt- og sidergardane, i tunet på Rossvoll der Olav H. Hauge budde og dikta, i det tradisjonsrike ungdomshuset på Elvatun, i konsertsalen på Brakanes, på Hauge-senteret og i den vakre kyrkja i Ulvik.

Fleire framifrå norske og nordiske poetar kjem til festivalen saman med dyktige musikarar og andre utøvarar. Følg med på poesifestivalen.no framover. Der finn du etter kvart alle programpostar og billettar – det er berre å gle seg!