Diktantologi til Poesifestivalen

Diktantologi til Poesifestivalen

Cecilie Løveid, Knut Ødegård, Mona Høvring og sju andre samtidspoetar har skrive nye dikt opp mot temaet «ordskifte» i dialog med diktinga til Hauge.

– Tema for Ulvik poesifestival 2018 er ordskifte. Ordskifte kjem frå norrønt orðaskipti og kan bety debatt og diskusjon, men òg byte av ord. I samband med årets festival i september har vi fått 10 av poetane som kjem til festivalen til å skrive nye dikt som på ulike vis er i dialog med diktinga til Hauge og årets tema, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Olav H. Hauge-senteret.

Fleire av poetane som kjem til årets festival tek, på ulikt vis, opp samtidsaktuelle tema i diktinga si. Dei nyskrivne dikta til Poesifestivalen nærmar seg festivaltema på ulike måtar. Poesi kan bringe fram andre perspektiv og opne for ny forståing, og det er spennande å assosiere rundt ordskifte sine moglege og skiftande tydingar. Kva får det å seia at dikt blir lest og forstått ulikt, og kva inneber det til dømes å omsette dikt til andre språk?

– Dialogen med Olav H. Hauge si dikting gir rom for spennande nylesingar av Hauge-dikt, og er med på å halde Hauges forfattarskap levande og aktuell under Poesifestivalen, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide.

 Dei 10 forfattarane som har skrive dikt er Cecilie Løveid, Kjartan Hatløy, Erlend O. Nødtvedt, Ingrid Nielsen, Bendik Vada, Mona Høvring, Svanhild Amdal Telnes, Sindre Ekrheim, Knut Ødegård og Øyvind Rangøy. 

På poesifestivalen.no legg vi ut eit og eit dikt fram mot festivalstart 7. september. 

Dikta finn du her