Poetisk ordskifte med etablerte og nye røyster

Poetisk ordskifte med etablerte og nye røyster

 – Det er stort når Ruth Lillegraven kjem med ny bok, og ekstra stas er det når boka blir lansert under Ulvik poesifestival, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide. I diktsamlinga Skogen den grøne følgjer Lillegraven opp Bragepris-nominerte Eg er eg er eg er med nye dikt som skapar undring hos små og store lesarar. Den kritikarroste kvartetten 9 grader nord kjem til festivalen med nye musikalske opplevingar frå nære og fjernare himmelstrøk.

Poetisk ordskifte med etablerte og nye røyster
Skogen den grøne / Ruth Lillegraven

 

Festivaltema

– Med temaet «ordskifte» ynskjer vi å lyfte fram poetar som vågar å engasjere og utfordre, seier dagleg leiar Geir Netland ved Olav H. Hauge-senteret. Fleire av forfattarane som kjem til festivalen tek på ulikt vis opp samtidsaktuelle tema i diktinga si. Cecilie Løveid, Øyvind Berg, Knut Ødegård, Tone Hødnebø, danske Asta Olivia Nordenhof og finlandssvenske Catharina Gripenberg er nokre av poetane vi møter i Ulvik 7.-9 september, både til lesing og til ordskifte seg imellom.

Songen i lyrikken

Gjennom ein mannsalder har Kolbein Falkeid dikta seg inn i den norske folkesjela. Det same gjeld Ole Paus og Kjartan Fløgstad som også står på scena under festivalen. Songane til Fløgstad er formidla av ei rekkje norske artistar og no samla i songboka Sandharpesongar. Tonefylgje i Ulvik er ved Lars Klevstrand, Gabriel Fliflet og Berit Opheim. Visekunstnaren Svein Tang Wa er mest kjent som låtskrivar for Stavangerensemblet og Vamp, no er han ute med nye finurlege tekstar og dyktige musikarar. Tom Roger Aadland fekk stor merksemd for sine Dylan-versjonar på nynorsk, i år kom albumet Songfugl.

Olav H. Hauge-stipendet og nye røyster

Festivalen for lyrikk i mange former blir arrangert for tiande gong og feirar med å dele ut det nyetablerte Olav H. Hauge-stipendet. – Dei fleste litterære prisar går til etablerte forfattarar, Poesifestivalen vil løfte fram dei unge poetiske stemmene, seier Geir Netland. Med støtte frå Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik Herad er Olav H. Hauge-stipendet på heile 150 000 kr. Stipendet går til ein lyrikar, songpoet eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller songverk på nynorsk, bokmål eller dialekt.

Festivalpoetar kjem med nyskriven lyrikk til årets tema og etablerte poetar har invitert med seg unge røyster dei les med særskild merksemd. Her møter vi møter mellom anna Bendik Vada, Juliane Rui og Svanhild Amdal Telnes.

Poesifestivalen feirar Vinje, Børli og lyrikkhistoria

I høve 200-års jubileet for Aasmund Olavsson Vinje har Tord Gustavsen sett tonar til utdrag frå Ferdaminne frå sumaren 1860. Framsyninga er ei vakker musikalsk reise i Vinjes fotefar med ensemblet Tore Brunborg, Sigurd Hole, Jarle Vespestad og Cecilie Jørstad. I år feirar vi også 100 års jubileet til den folkekjære lyrikaren Hans Børli, og Erik Lukashaugen held poesikonserten Syng ditt liv basert på dikt av Børli.

Professor Jan Inge Sørbø har skrive nynorsk litteraturhistorie i samband med Det Norske Samlaget sitt 150 års jubileum. Sørbø kjem til festivalen og held foredrag om den nynorske lyrikkhistoria og samtalar med Herborg Kråkevik som les utvalde dikt. 

Poetisk ordskifte med etablerte og nye røyster
Herborg Kråkevik

Poesi for barn og unge

Framsyninga Les for livet! får premiere under Poesifestivalen. Dette er ei litterær reise laga for elevar på mellomtrinnet. Les for livet! er produsert av Nynorsk kultursentrum og Lars Mæhle har skrive manus. 200 elevar på 7. og 8. trinn skal skrive nye dikt i dialog med Olav H. Hauge i poesiverkstaden Olav H. og eg. – Her vert det spennande å sjå korleis elevane finn sitt eige uttrykk i møte med poesien til Hauge, avsluttar festivalprodusent Jorid Lekve Eide.

Festivalen blir avslutta søndag ettermiddag med kyrkjekonserten Tidekverv med musikk av Benedicte Maurseth og Berit Opheim og nyskrivne balladetekstar av Erlend O. Nødtvedt og Bergsveinn Birgisson.

Poetisk ordskifte med etablerte og nye røyster
Tidekverv

Heile programmet finn du her