Ulvikasamtalen 2018
UlvikasamtalenFoto: Harald G. Johnsen

Ulvikasamtalen 2018

– Den dagboka Olav H. Hauge skreiv i 60 år, er ingen sjølvbiografi, men ein litterær tekst som ikkje minst handlar om det å lese. Det sa Øystein Hide i Ulvikasamtalen 2018 med Eirik Vassenden under Ulvik poesifestival laurdag. Ein fullsett sal på Elvatun fekk ein svært innhaldsrik og underhaldande samtale om den nynorske dagboktradisjonen mellom doktorgradsstipendiat Øystein Hide og litteraturprofessor Eirik Vassenden.

Øystein Hide har i fleire år studert biografiar, dagbøker og sjølvkunnskap og skriv doktoravhandling om den nynorske dagboktradisjonen. Ivar Aasen skreiv dagbok frå 1830 om lag til då Arne Garborg tok til å skrive si dagbok, og 15 år gamle Olav H. Hauge gjekk i gang med si dagbok det året Garborg døydde. Til saman utgjer desse tre 160 år med nynorsk dagboktradisjon.


Den siste setninga i Hauges dagbok frå mai 1994 er «Veret var strålande sol. – – –». Aasen opna si i desember 1830 med at ”aldrig havde i lang Tid et sligt Snelag faldet paa en Dag; nu bleve alle Vige fuldkommen ufremkommelige”. Dei to skreiv likevel svært ulike dagbøker. Med unntak av reisedagboka og breva er Aasens dagbok eit diarium, ei loggføring av vêr, helse og gjeremål. Hauges dagbok mellom 1924 og 1994 er derimot ein journal der forfattaren reflekterer over liv og litteratur på ein slik måte at Hide ville kalle det eit pensum i tanke og litteratur.

Øystein Hide skilde skarpt mellom mennesket og skrivaren og skildra dagbokforfattaren Hauge som ein skrivar med kvilepuls. Temperaturen i teksten hans stig litt når han skriv om seg sjølv, og dei temperaturstigningane i teksten endar ofte med eit spørsmål. – Det er som om skrivaren får litt feber, og det spørsmålet han stiller til slutt fungerer som ein paracet for å roe seg ned, sa Hide.

Hauge skreiv dagbok frå han var 15, Aasen frå han var 27. Arne Garborg tok først ti då han var 56, og han ville noko anna med si dagbok enn dei to andre. Det er som om han grip til dagboka når han etter vart meiner at han ikkje blir forstått, sa Hide. 

Festivalgjestene fekk også innblikk i inspirasjonskjeldene til skrivaren og korleis Hauge skifta mellom å skrive i fortid til vanleg, men i notid når han var sjuk. Å skrive dagbok kunne vere som ein sjølvterapi, som ein måte å forstå seg sjølv og forske i seg sjølv. – Ei dagbok kan vere ein verkstad til å smi ut ord som kan nyttast i dikt, ein produksjon av små gullkorn som seinare kan bli lyrikk, sa Øystein Hide.

– Dessutan, sa Hide, hugs at det tek tid å skrive kvar side i dei mange tusen sidene som dagboka til Hauge utgjer. Det skjer noko med skrivaren, som er ein annan nedst på sida enn då han tok til øvst på sida. – Dagboktekstar er eit nærvær av noko som ikkje er ein smart konstruksjon, slik til dømes romanar kan vere, poengterte doktorgradsstipendiat Øystein Hide mot slutten av Ulvikasamtalen 2018.