Olav H. Hauge-stipendet til Erlend O. Nødtvedt
Olav H. Hauge-stipendet til Erlend O. NødtvedtFoto: Harald G. Johnsen

Olav H. Hauge-stipendet til Erlend O. Nødtvedt

Erlend O. Nødtvedt blei tildelt det nyskipa Olav H. Hauge-stipendet under opninga av Ulvik poesifestival fredag 7. september. Den unge poeten frå Bergen får stipendet for å ha fornya det lyriske språket samstundes som han løftar fram fleire litterære uttrykk og tradisjonar.

 – Eg er utruleg stolt og glad for å få dette stipendet. Olav H. Hauge er ein poet eg set veldig høgt og diktinga hans har vore ein viktig inspirasjon for meg som forfattar. Å bli tildelt eit stipend som ber den store diktarhovdingen sitt namn betyr særdeles mykje, seier Erlend O. Nødtvedt.

Juryen grunngir tildelinga slik; Stipendvinnaren har i sine diktbøker skapt eit iøyrefallande lyrisk univers. Språket bevegar seg høgt og lågt i ei grenselaus blanding av gamle språkformer, moderne daglegspråk, nyord og lydord og fragment frå andre diktarar. Poeten smeltar dette saman til ei ny legering, til syner og musikk. Sjølv om diktbøkene inneheld mykje galskap, lått og humor, gir det medvitne spelet med den litterære tradisjonen og historia ei nerve av alvor under skrifta. Slik får poeten fram ei slags all-tid i sine dikt, der fortida framleis er levande i notida, og folkevisa og avantgard-lyrikk får klinge saman.

Det nyoppretta Olav H. Hauge-stipendet er på 150 000 kroner og er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad. Nynorsk kultursentrum og Hauge-senteret har etablert stipendet i samband med at Ulvik poesifestival blir arrangert for 10. gong i 2018. Stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet blir delt ut anna kvart år og skal over tid fordelast jamt mellom kvinner og menn som skriv på nynorsk og bokmål. Kunstnarar som nyttar dialekt, kan også få stipendet. Stipendvinnaren blir invitert til å presentere eit nyskrive verk til neste poesifestival som blir arrangert om to år.

 

Ein poet som bryt med språklege konvensjonar

Erlend O. Nødtvedt er fødd 1984 i Bergen og oppvaksen i Fyllingsdalen. Han gjekk ut frå Skrivekunstakademiet i Bergen i 2007 og tok mastergraden i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen om Kristofer Uppdals dikting i 2012. Nødtvedt debuterte med Harudes i 2008, eit langdikt om Hordaland fylke der han kryssar ulike målformer. I Bergens beskrivelse frå 2011 held han fram i eit lydmålande språk der notid og fortid smeltar saman i ei historierik diktfortelling om klassesamfunnet i Bergen by. I diktsamlinga Trollsuiten frå 2014 skriv han seg inn i folkedikting og naturmyter med det norske kulturlandskapet som bakteppe, også her i ei grenselaus blanding av språkformer. I romanen Vestlandet som kom i 2017 finn ein også stor språkleg rikdom.

Open utlysing

Olav H. Hauge-stipendet blei kunngjort som ei open utlysing i vår. Nynorsk kultursentrum fekk inn heile 23 nominasjonar på 13 ulike kandidatar. Stipendvinnaren blei kåra av ein

jury oppnemnd av styret i Nynorsk kultursentrum. Stipendjuryen består av Brit Bildøen forfattar og juryleiar, Sindre Ekrheim forfattar og bokmeldar, og Stein Erik Lunde forfattar og lærar.

– Vi meiner det er i Olav H. Hauge si ånd at stipendet har ei open utlysing der alle kan foreslå kandidatar. Vi fekk inn mange gode forslag på fleire markante poetar frå fleire miljø og ulike lyriske sjangrar. Det er difor godt å han ein kompetent stipendjury med brei litteratur- og tekstfagleg bakgrunn, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir S. Netland, som også er sekretær for juryen.

 

Les meir om Erlend O. Nødtvedt på Allkunne.no