Amboltprisen til Ole Karlsen
Ole KarlsenFoto: Høgskolen i Innlandet

Amboltprisen til Ole Karlsen

Amboltprisen 2018 vart delt ut til professor Ole Karlsen ved Høgskolen i Innlandet under Ulvik poesifestival laurdag 8. september.

Det er Venelaget Olav H. Hauge som deler ut Amboltprisen, og prisen går til nokon som har arbeidd mykje med Olav H. Hauge si dikting og gjort henne kjend. Prisen, ein støypt ambolt og ein sjekk på kr 10.000.   

– Hauge-senteret gratulerer professor Ole Karlsen, som er den litteraturvitaren i landet som har forska mest på Olav H. Hauges lyrikk, seier dagleg leiar Geir Netland ved Hauge-senteret. Karlsen sat i fagrådet for Hauge-senteret i 2012-2013. 

I grunngivinga heiter det:
Som lektor ved Åsnes videregåaende skole var Ole Karlsen med på å setje i gang det såkalla Flisa-seminaret som tok for seg norsk lyrikk år etter år, og Olav H. Hauge var den andre forfattaren som fekk dikta sine drøfte og formidla der til lærarar og andre. Etter kvart seminar vart det gitt ut bok med artiklar og anna skriftleg stoff om den eller dei forfattarskapane som hadde vore tema. Boka om Hauge kom i 1994 og har tittelen Tunn isOm Olav H. Hauges forfattarskap. Ole Karlsen, som alt hadde hovudfag i engelsk, leverte same året ei uvanleg fyldig hovudfagsoppgåve i nordisk litteratur med tittelen Olav H.Hauges metapoetiske prosjekt. Og Karlsen gjekk vidare med Hauge med doktoravhandlinga Fansmakt og bergsval dom. En studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi, Universitetet i Oslo 1999 . Det tredje større arbeidet om Hauge finn vi i Karlsens bok Ord og bilete. Ekfrasen i Mo derne norsk lyrikk, 2003. Dette er den første større urgeiing om dikt som handlar om bildande kunst, ekfrasar, på norsk. Ein sekvens på vel 60 sider ber tittelen “Rita som i ein draum. Ekfrase og biletkunstanalogiar i Olav H. Hauges poesi”. Som student gjorde Karlsen eit fagleg intervju med Hauge som kom i Syn og Segn nr. 1 1994. Karlsen har også delteke på seminar i Ulvik knytte til fagleg aktivitet kring forfattarskapen.

På den akademiske vegen vidare frå Åsnes var Karlsen innom både Nesna lærerhøgskole og NTNU i Trondheim før han vart tilsett som førsteamanuensis i nordisk ved Universitetet i Tromsø frå 1. januar 1998. Frå 15. september 2003 rykte han opp til professor, og frå 1. august 2010 vart han så tilsett som professor ved Høgskolen i Hedmark, Hamar.

Som forskar og lærar på høgste akademiske nivå har Ole Karlsen aller helst vilja arbeide med lyrikk. Saman med medarbeidarar har han alltid gitt arbeidet med lyrikk ein framskoten plass.

Og langt, kanskje lengst framme i Ole Karlsens faglege virke står arbeida om Olav H.Hauges dikting.