Tenk om eg var ein tanke

I programmet Tenk om eg var ein tanke får elevar på 1. til 4. trinn vere med på ei underfundig reise inn i lyrikken si verd. Framsyninga skapar undring kring språk og dikt ved å gå vegen om musikk.

Då musikar Annlaug Børsheim fann diktboka «Når morgonfrosken syng», i postkassen, var det som om dikta tok til å synge til ho og melodiar dukka opp i hovudet hennar. I framsyninga får elevane møte tekstane både som dikt og songar. Framsyninga gjev rom for undring og ettertanke, og gjev elevane på leikent vis kjennskap med lyrikk som sjanger og er eit godt møte med nynorsk som bruksspråk.

Tenk om eg var ein tanke er bygd på «Når morgonfrosken syng», ei diktbok skriven av forfattaren Per Olav Kaldestad. Dette er dikt som tek for seg store spørsmål og emne som universet, einsemd og kjærleik, men òg nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar. Dikta i «Når morgonfrosken syng» har ei form som gjer det lett og lage melodi til dei, og i framsyninga møter elevane dikta både som ord og songar.

Det er musikarane Annlaug Børsheim (song, gitar og fele) og Mari Skeie Ljones (fele) som tek elevane med på reise inn i Kaldestad si diktarverd. Kva er eit dikt, og kva skjer med diktet når det kjem ut frå boka og vert ein song? Endrar diktet seg? Musikken i Tenk om eg var ein tanke er nyskriven av Annlaug Børsheim, og uttrykket er inspirert av norsk folkemusikk og visetradisjon.