Den nynorske bokheimen
Foto: Odd E. Nerbø

Den nynorske bokheimen

I OVER 50 ÅR SKREIV Olav H. Hauge om nynorsk litteratur, mest dikting, etter kvart fleire typar litteratur. Dette er som hans personlege litteraturhistorie i fragment, skriven utan tanke på ei samla framstilling. Lausrive frå dagbøkene kan somt bli lese annleis enn samanhengen tilseier, men i den redigerte samanskrivinga kan lesaren oppdage linjer og brot og motseiingar som elles ville bli oversett. I nynorsk litteraturhistorie finst i alle høve ingen make til den lesinga Hauge her har gjort. Dermed blir dette eit meiningsgivande kapittel i den store historia om nynorsk skriftkultur.
Utdraga frå dagbøkene er laga med enkle søk på fire stikkord i dagbøkene: debut, bokheim, landsmål og nynorsk. Det har gitt eit portrett av det han skreiv av meir overordna karakter. Mange innførslar om enkeltforfattarar er ikkje fanga opp. Likeins vil det finnast passasjar i brev og intervju som utfyller denne lesinga.
Det sikraste som då kan seiast, er at Olav H. Hauge skreiv også dette om den nynorske bokheimen der han sjølv fekk sitt rom med utsikt.


Ivar Aasen-tunet, januar 2015 og mai 2018
Ottar Grepstad

 

Les dagbokutdraget her.