Seminar om lyrikk, samfunn og krise

Seminar om lyrikk, samfunn og krise

Hauge-senteret og Universitetet i Bergen inviterer til seminaret Lyrikk, samfunn og krise 3.-4. november 2017. Stad er Universitetet i Bergen, rom 435 i HF-bygget.

Det finst klare samanhengar mellom det som skjer i eit samfunn og det som vert skrive og lese av poesi. Som aktuelle døme kan nemnast økonomikrisa i Hellas, krigen i Syria, flyktningstraumen til Europa, dei globale klimaendringane, presidentvalet i USA og Brexit i England som alle har ført til reaksjonar i lyriske formar. Her heime i Noreg vart poesiens verdi tydeleg i tida etter terroren i Oslo og på Utøya 22. juli 2011, med Nordahl Griegs dikt «Til ungdommen».

Dette andre lyrikkseminaret i regi av nettverket for Poetisk tenking skal utforska kva tilhøve det er mellom lyrikk, samfunn og krise. Ordet krise kjem av det greske krisis, og kan tyde splitting, separasjon eller avgjersle.

Seminaret Poetisk tenking skal vere eit debattforum om lyrikk og lyrikksjangeren. Føremålet med seminaret er å formidle og debattere poesien si rolle som samfunnsengasjert og reflekterande, og er mynta på alle som er interesserte i samanhengen mellom poesi, tenking og samfunn. Tema skal vere skiftande, men tenking og refleksjon i lyrikken skal alltid stå sentralt. Nettverket for Poetisk tenking er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum ved Olav H. Hauge-senteret, Universitetet i Bergen, Høgskulen i Hedmark og Universitetet i Oslo. 

Program

Fredag 3. november:

10.15: Kort velkomst og innleiing ved Eirik Vassenden og Stein A. Hevrøy

10.30: Ole Karlsen (Høgskulen i Innlandet): «Krisen og epikrisen. Om Nils Christian Moe-Repstads nyaste diktbøker»

11.30: Kristin Vego (Vagant): «Min ambition er at transformere verden.» Om Ida Marie Hedes Inferno»

12.30: Lunsj

13.30: Stein A. Hevrøy (Olav H. Hauge-senteret): «‘Jesu ord og Heraklits vassgraut’: Om Olav H. Hauges krisedikt ‘Framfor undergangen’»

14.30: Trude-Kristin Mjelde Aarvik (Universitetet i Bergen/Vagant): «Undergangsmotiver i nordisk samtidslitteratur»

15.30: Eirik Vassenden (Universitetet i Bergen): «Dystopier, alternative verdener og litterær aksjonisme: Poesi i krisetider»

16.30: Erling Aadland (Universitetet i Bergen): «’Busy dying’ - om Bob Dylans reaksjon»

17.30: Seminaret er slutt for dagen.

Lyrikkarrangement på Litteraturhuset i Bergen kl. 20:00 (100/75,- stud.)

med Jo Eggen, Ingrid Nielsen, Hildegunn Dale og Sindre Ekrheim. Billettar finn du her.

Lørdag 4. november:

10.15: Ingrid Nielsen (Universitetet i Stavanger): «Om krisen hos Gunvor Hofmo»

11.15: Sissel Lægreid (Universitetet i Bergen): «’Sannelig, jeg lever i dystre tider!’: Bertolt Brecht, stykkeskriveren som lyriker og kritiker»

12.15: Torgeir Skorgen (Universitetet i Bergen): «Hitlers herolder. Om NS-lyrikken i Norge og Tyskland»

13.15: Lunsj

14.15: Sissel Furuseth (Universitetet i Oslo): «Økologi og lyrisk beredskap» 

15.15: Hans Kristian Rustad (Universitetet i Oslo): «Samtidslyrikk som krisestoff» 

16.00-17.00: Felles diskusjon kring vidare prosjektsamarbeid.

Arrangør er Olav H. Hauge-senteret saman med Universitetet i Bergen.

Arrangementet er støtta av Fritt ord og Nynorsk kultursentrum.