Salmane og språket

Salmane og språket

Då «Abend wird es wieder» vart omsett til «Fager kveldsol smiler» vart verdslyrikken nynorsk og nynorsk eit språk for alt. Her finn du 10 artiklar om korleis det gjekk til.

Med gjendiktingar av salmar til nynorsk har sentrale delar av verdspoesien vorte ein del av den nynorske skriftkulturen. I høve 150-årsjubileet til Peter Hognestad synte Ulvik poesifestival 2016 fram den nynorske salmetradisjonen med poesigudsteneste, konsert og føredrag om nynorsk salmeomsetting. «Fager kveldsol smiler» er ein av dei gjendikta salmane etter Hognestad.

 «Vi skal ha ei salmeomsetjing til nynorsk fordi vi vil møte det framande på vårt eige språk. Dinest for å syne at nynorsk kan vere eit språk for alt,» sa professoren, presten og salmediktaren Arve Brunvoll i eit føredrag i Ulvik kyrkje. På desse nettsidene presenterer vi historia til nynorsk salmeomsetjing. Tekstane er frå føredraget «Nynorsk salmeomsetjing» i Ulvik kyrkje, 11.9.2016.

Følg gjerne historia gjennom dei 10 artiklane me har tilrettelagt for nett under. Heile føredraget ligg òg som PDF her.

Last ned fil783 160923 Nynorsk salmeomsetjing Arve Brunvoll Ulvik.pdf(1 3 2kb)

Biletet er av Peter Hognestad.