Tom Roger Aadland deler sitt Hauge-dikt.

Tom Roger Aadland deler sitt Hauge-dikt.

DU VAR VINDEN

Eg er ein båt

utan vind.

Du var vinden.

Var det den leidi eg skulde?

Kven spør etter leidi

når ein har slik vind!

 

Frå samlinga "Dropar i austavind", 1966

 

Olav H. Hauge si «Dikt i samling» høyrer til dei bøkene som oftast ligg på nattbordet mitt. Den store spennvidda i det han skreiv, er imponerande i seg sjølv, reint handverksmessig. Men viktigare er det at alle dikta – med sine ulike tema og utformingar – saman skapar eit vakkert, poetisk teppe som skildrar sjølve livet, rikt og sannferdig. Me burde kanskje ikkje eingong velje blant dikta hans, for sonetten om epletreet høyrer til i det same bildet som det korte diktet om sleggja, eller det morosame om den gamle diktaren som prøver seg som modernist.

I dag vel eg meg likevel Hauge sitt dikt «Du var vinden», for eg likar så godt alle vegane tankane kan ta etter avslutningslinja i diktet.

Tom Roger Aadland 

Tom Roger Aadland møter du under Ulvik poesifestival 7. - 9. september.