Mitt Hauge-dikt: Les Lu Chi og lag eit dikt
Foto: Shanghai Museum

Mitt Hauge-dikt: Les Lu Chi og lag eit dikt

Det Hauge-diktet eg har lese aller mest er nok Les Lu Chi og lag eit dikt. I all sin visdom inneheld dette diktet mykje av det ein treng vita for å læra musikk og for å spela musikken. Slik har eg lese dette diktet for mine hardingfeleelevar gjennom mange år. I Karl Ove Knausgård si bok med tittelen, Så mye lengsel på så liten flate, seier Knausgård at dette diktet griper essensen i Edvard Munch sitt virke. Slik er dette diktet noko å ta med seg same kva kunstform ein måtte arbeida med.

Knut Hamre

 

Les Lu Chi og lag eit dikt

 

Les Lu Chi og lag eit dikt.

Han segjer ikkje korleis det skal vera.

Mange hadde måla ei eik fyrr.

Likevel måla Munch ei eik.

 

Frå «Spør vinden» (1971)