Herborg Kråkevik deler sitt Hauge-dikt
Foto: Mona Nordøy

Herborg Kråkevik deler sitt Hauge-dikt

Turen er komen til Herborg Kråkevik, som deler sin favoritt frå Hauges skattekiste med dikt.

LAUVHYTTOR OG SNØHUS

 

Det er ikkje mykje med

desse versi, berre

nokre ord, røysa saman

på slump.

Eg synest

likevel

det er gildt

å laga dei, då

har eg som eit hus

ei liti stund.

Eg kjem i hug lauvhyttone

me bygde

då me var små:

krjupa inn i dei, sitja

og lyda etter regnet,

vita seg einsam i villmarki,

kjenna dropane på nasen

og i håret –

Eller snøhusi i joli,

krjupa inn og

stengja etter seg med ein sekk,

kveikja ljos, vera der

i kalde kveldar.

 

De må ikkje be meg om å velja EITT Hauge-dikt, det er jo ei pina å velja!

Eg har brukt halve sommaren på å gnura over dette, og no er det september og tid å hausta inn….dette diktet gjev meg ein fred, det seier på Hauge sin typiske, smålåtne måte at det er no berre nokre ord raska saman, desse dikta. Og så er dei så mykje meir. Bilete han brukar av at det er trygt å krypa inn i dikta si verd, nett som i lauvhyttene eller snøhulene, gler meg for då har han hatt det litt godt og trygt inne i dikta sine, og det er godt å tenkja på når me også veit kva for forferdeleg strev det må ha vore for han å skapa desse dikta.

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik møter du under Ulvik poesifestival 2018 7. - 9. september

Lauvhyttor og snøhus
Det er ikkje mykje med
desse versi, berre
nokre ord, røysa saman
på slump.
Eg synest
likevel
det er gildt
å laga dei, då
har eg som eit hus
ei liti stund.
Eg kjem i hug lauvhyttone
me bygde
då me var små:
krjupa inn i dei, sitja
og lyda etter regnet,
vita seg einsam i villmarki,
kjenna dropane på nasen
og i håret –
Eller snøhusi i joli,
krjupa inn og
stengja etter seg med ein sekk,
kveikja ljos, vera der
i kalde kveldar.
 Tekst frå meg; De må ikkje be meg om å velja EITT Hauge-dikt, det er jo ei pina å velja!
Eg har brukt halve sommaren på å gnura over dette, og no er det september og tid å hausta inn….dette diktet gjev meg ein fred, det seier på Hauge sin typisk, smålåtne måte at det er no berre nokre ord raska saman, desse dikta. Og så er dei så mykje meir. Bilete han brukar av at det er trygt å krypa inn i dikta si verd, nett som i lauvhyttene eller snøhulene, gler meg for då har han hatt det litt godt og trygt inne i dikta sine, og det er godt å tenkja på når me også veit kva for forferdeleg strev det må ha vore for han å skapa desse dikta.