Mitt Hauge-dikt: Song, trø lett på hjarta mitt
Foto: Olav H. Hauge-senteret

Mitt Hauge-dikt: Song, trø lett på hjarta mitt

Ranveig Lægreid deler sitt Hauge-dikt.

Song, trø lett på hjarta mitt, er eit lite dikt som eg møtte fyrste gong i ei tonesetting av komponisten Per Indrehus. Eg var så heldig at eg fekk urframføra denne songen på ein konsert då eg gjekk på Voss gymnas. Diktet gir meg mange fine bilete på kva som er viktig for å få til ein god melodi, men også reint framføringsmessig. Meininga i diktet kan også overførast til kva eg syns er viktig i samspelet med andre menneske, og i ein samtale. Ein lyt ha respekt for dei, og det, ein møter, elles kan ein bryta tilliten og magien. Diktet skildrar noko som er sart og som lett kan øydeleggjast. Det skal ikkje mykje til for å trå feil. Denne sensitiviteten kjenner eg meg godt att i både som songar og menneske.

Ranveig Lægreid

Song, trø lett på hjarta mitt

Song, trø lett på hjarta mitt,
trø lett som klokkelyng på søkkjemyr,
som fugl på nattgamal is.
Bryt du skorpa til kvida,
druknar du, song.

Frå «På Ørnetuva» (1961)