Mitt Hauge-dikt: Kvardag

Mitt Hauge-dikt: Kvardag

Linda Klakken deler sitt Hauge-dikt.

 

KVARDAG

Dei store stormane

har du attum deg.

Då spurde du ikkje

kvi du var til,

kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,

du berre var i stormen,

var i elden.

Men det gjeng an å leva

i kvardagen òg,

den grå stille dagen,

setja potetor, raka lauv

og bera ris,

det er so mangt å tenkja på her i verdi,

eit manneliv strekk ikkje til.

Etter strævet kan du steikja flesk

og lesa kinesiske vers.

Gamle Laertes skar klunger

og grov um fiketrei,

og let heltane slåst ved Troja.

 

Det er lett å seie at Hauge er ein poet som vender det poetiske blikket utover. At han er ein som ser dei små tinga. Det er auget som ser og handa som skriv det auget ser. Det er ikkje heile sanninga. Vel så ofte stirer han inn i sitt eige hovud i dikta. Han grev seg innover mot ei ny erfaring. Ei ny innsikt om det gamle. Då er han sjølv den grå, stille dagen.

 

Linda Klakken