Mitt Hauge-dikt: Klunger
Foto: Anna Julia Granberg

Mitt Hauge-dikt: Klunger

Knut Ødegård deler sitt Hauge-dikt.

Klunger

Rosone har dei sunge um.
Eg vil syngja um tornane
og roti, –  ho klengjer seg
hardt um berget, hard som
ei mager gjentehand.

Olav H. Hauge, Dropar i austavind, 1966

Hauge skriv «Rosone har dei sunge um». Han vil syngja om noko anna: om «tornane» og om «roti». Det må vera lov å assosiera tornane til Kristi tornekrone, til lidinga. Vi veit at Hauge leid mykje, i lange periodar. Då gjeld det å halda seg fast, å passa på røtene sine, livskjelda. Elles folnar livstreet, visnar vekk utan von om oppstode. Avslutningsbiletet er klårt, men uvanleg: Ei jentehand er ofte rekna som noko veikt, her representerer jentehanda rotkrafta. Det er vel òg lov å dikta vidare på at det er gjennom denne anonyme jenta at livet held fram, handa hennar er rota i dette diktet. Som katolikk ser eg Maria hand.

Knut Ødegård

Knut Ødegård møter du under Ulvik poesifestival 7. - 9. september.