Mitt Hauge-dikt: Grøne eple
Foto: Paal Audestad

Mitt Hauge-dikt: Grøne eple

Ruth Lillegraven deler sitt Hauge-dikt.

Grøne eple

Sumaren var kald og regnfull.
Epli vart grøne og flekka av skurv.
Men eg plukkar og sorterar
Og staplar kassane i kjellaren.
Grøne eple er betre enn inkje.
Bygdi ligg på 61° breidd.

Olav H. Hauge, Dropar i austavind, 1966

Eg har sjølv vokse opp på fruktgard – tett på bløming, tynning, innhausting. Det var fint, men også nervepirrande. Det var så mykje som kunne gå gale. Skurv. Sopp. Hagl. Alt ein ikkje kunne påverke. Ein kunne berre gjere sitt beste – og håpe det beste. Dette tykkjer eg Olav H. Hauge her skildrar så nydeleg. Dette diktet rører verkeleg fruktdyrkardotterhjartet mitt.

Ruth Lillegraven