Mitt Hauge-dikt: Eit ord
Foto: Hauge-senteret

Mitt Hauge-dikt: Eit ord

Fyrst kjøpte eg Dikt i samling, så Dikt i umsetjing, så biografien til Knut Olav Åmås, og endeleg fekk eg dagbøkene. Eg blir ikkje ferdig med Hauge. Det er alltid noko viktig, fint, moro, oppsiktsvekkande, oppklarande å hente. Hauge uttalte, eller kanskje skreiv han det, at dikta var meint som livsråd til seg sjølv. Slik verkar dei også på meg, sjølv om eg lever eit anna liv, i ei anna bygd, i ei anna tid, på andre sida av vêr- og vasskille. Særleg likar eg når Hauge skriv om det å skrive (gjorde han eigentleg det heile tida?). Eit favorittdikt for meg kan godt vera «Lauvhyttor og snøhus», eller «Eit ord».

Forresten, når eg fyrst har ordet: angåande tittelen på biografien «Mitt liv var draum». Hauge skriv den linja i eit dagboksnotat 5. mai 1982. Nøyaktig same linja skreiv Tor Jonsson i diktet «Så stig i meg einsemd» like før han døydde i 1951.

Stein Torleif Bjella 

 

Eit ord

 

Eit ord

– ein stein

i ei kald elv.

Ein stein til –

Eg lyt ha fleire steinar

skal eg koma yver.

 

Frå samlinga Dropar i austavind, 1966