Mitt Hauge-dikt: Din veg
Foto: Hauge-senteret

Mitt Hauge-dikt: Din veg

Din veg 

Ein vakker mai-dag på 70-talet dura kjærasten min og eg mot Ulvik på to hjul i svingen for å vitja Olav. H. Hauge. Me skulle same haust vera deltakande i eit radioprogram med diktaren, der me båe skulle syngja, og eg tenkte det kunne vera kjekt å treffa han på førehand. Kjærasten min tykte dette var noko påtrengande, men let seg overtala. Me steig av Vespa-en på Hakestad og møtte Bodil i tunet. Eg spurde om det var her diktaren budde. Ja, sa ho og såg på kjærasten mi medan ho la til: og han er ikkje fårleg… Det viste seg at Bodil var mor til leikekameratane hans på Sørlandet og dei fekk etter kvart mykje å snakka om. Eg banka på døra og Olav kom ut, eg steig over dørstokken og vart vist rundt i biblioteket. Og etter kvart og la eg fram ærendet vårt og byrja å syngja «Din veg» til han. No fekk han fart på seg, spytta snusen i vasken og ropte: Bodil, Bodil, du må koma, du må koma, ho kan syngja, ho han syngja! Diktet har sidan vore kjært for meg… og tenk at han den store diktaren tykte eg kunne syngja!

 

Reidun Horvei

 

Din veg

 

Ingen har varda den vegen

du skal gå

ut i det ukjende,

ut i det blå.

 

Dette er din veg.

Berre du

skal gå han. Og det er

uråd å snu.

 

Og ikkje vardar du vegen,

du hell.

Og vinden stryk ut ditt far

i aude fjell.

 

Frå samlinga  «Under Bergfallet» (1951).