Mitt Hauge-dikt: Apal i snø
Foto: Kristian Jacobsen

Mitt Hauge-dikt: Apal i snø

Håvard Rem deler sitt Hauge-dikt.

APAL I SNØ

 

Ein apal utfor glaset i låg sol blør,

bøygd ned av snø. Atthangande, skrukka

blad skrøyvar munaleg upp hans bør;

i epli som heng att, har fuglar plukka.

 

Han stod i snø i vår, stod søt og ør

i humlesurr og gav og tok av lukka;

og bladi smidde, nøytte alle glør,

til struten kart i lauvet mulen rukka

 

og vart til eple, kantute og grå.

Dei laga skurv og tege rosor på,

alt med dei rodna under doggi blå.

 

Dei datt i doggvått gras, og regn og vind

sleit lauvet av han. Av solkraft sogi inn

byggjer han draumar att bak borkgrå kinn.

 

Olav H. Hauge, Dropar i austavind, 1966

 

Kortdikta til Hauge er gjerne lette improvisasjonar. Sonettane hans er tunge meditasjonar, knadd saman i krevjande rimmønster, men kvar arbeidstime som er stengd inne i dei fjorten linene, opnar seg sakte i lesaren. Sjå epletreet no om vinteren. Sjå sjølvportrettet.

 

Håvard Rem