Mitt Hauge dikt: Sleggja
Foto: Odd E. Nærbø

Mitt Hauge dikt: Sleggja

Mitt Hauge-dikt er Sleggja. Det er eit fint dikt med få ord og mykje innhald. Då eg gjekk på lærarhøgskulen skulle me analysere diktet. Me tenkte mykje på kven og kva diktet eigentleg handla om. Det var nesten ikkje grenser for kva tolkingar me lærarstudentane klarte å hamre ut av dette diktet. Eg skjøna fort at eg lika best diktet om eg berra las det som det stod. Eit dikt om ei sleggje. Eg har ei sleggje sjølv. Ho står i garasjen minst 364,5 dagar i året, men når eg først treng ho, då nyttar det ikkje med ein hammar.

Vegard Markhus 

 

Sleggja

 

Eg er berre

ei sleggje.

Eg stend der no.

Eg lyt berre til

når det røyner på

 

Frå samlinga Dropar i austavind, 1966.